JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Svarreplikk om grunnlovsframlegg

For meg er det ikkje først og fremst om å gjera at nynorsk og bokmål skal kallast «språk».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3334
20240823
3334
20240823

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Etter ei instruktiv fagleg utgreiing konkluderer Lars S. Vikør i Dag og Tid nr. 33 med at det skriftbaserte nynorske talemålet etter hans meining må reknast som innbakt i omgrepet «nynorsk skriftspråk». For min del tvilar eg på at det vil vera opplagt for alle at termen «skriftspråk» i grunnlovsframlegget og i ein del andre samanhengar også er meint å omfatta tale­språk. Tvert imot synest eg termen «skriftspråk» høver særs dårleg som klassifiserande nemning for omgrep som også omfattar munnleg språkbruk. Det ligg såleis ein skjult argumentasjon i å nytta eit slikt ekskluderande uttrykk om nynorsk og bokmål.

Både Grepstad og eg har tidlegare referert til paragraf 4 i språklova, der det i andre ledd er fastsett at bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunna brukast i alle delar av samfunnet. Likevel hevdar Vikør no at ein i språklova har teke i bruk «skriftspråk» som avløysar for «målform», og at ein har reservert statusen «språk» for norsk som heilskap. Dette er altså ein faktafeil, både i strid med ordlyden i lova og presiseringane i særmerknadene, jf. følgjande sitat frå Prop. 108 L (2019–2020), s. 152:

«Andre ledd første punktum fastslår at bokmål og nynorsk er likeverdige språk. I denne føresegna er nemninga ’språk’ bruka, og ikkje ’skriftspråk’. Bokmål og nynorsk er her ikkje avgrensa til skriftspråk. Både bokmål og nynorsk er også talespråk. Sjølv om nynorsk i mindre grad enn bokmål har eit standardisert talemål i levande bruk, har det likevel ein viktig posisjon i media og som scenespråk.»

Det Vikør omtalar som «forsøket på å kalle bokmålet og nynorsken ’språk’», er altså no lovfesta. Ein kan likevel meina at lova ikkje er god nok, og eg har sjølv ymta om at heilskapen i paragraf 4 kanskje er noko uheldig utforma. Eg er likevel usamd i at det nærmast pr. definisjon skulle vera ein logisk svikt å bruka nemninga «språk» både om bokmål og nynorsk kvar for seg og om fellesnemnaren norsk. Rett nok skaper det litt ugreie i det systemet av fagleg klassifiserande omgrep og nemningar som Vikør og andre gjerne vil dela verda inn i, men såpass kompleks er faktisk den norske språksituasjonen.

Utskiftinga av den tidlegare gjengse termen «målform» har eg oppfatta som eit resultat av eit språkpolitisk ønske om å bidra til å gje nynorsk høgare status. Vikør synest å ironisera over at aktuelle termar kan rangordnast på den måten. Her trur eg kanskje han undervurderer kva for sosiale mekanismar som kan verka i eit språksamfunn.

For meg er det likevel ikkje først og fremst om å gjera at nynorsk og bokmål skal kallast «språk». Poenget mitt er at dei ikkje må terminologisk reduserast til «skriftspråk», slik som i ordlyden i grunnlovsframlegget, for det kan ha ein del språkpolitiske konsekvensar som ikkje ligg opne i dagen.

Motsett Vikør ser eg ikkje på «ja takk, begge delar» som ei naudløysing. Tvert imot synest eg i mange samanhengar at ulike former for mellomløysingar ofte gjev det beste resultatet, så også i dette tilfellet.

For likevel å koma Vikør litt i møte kunne mitt framlegg gjerne justerast til følgjande ordlyd:

«Norsk språk, med dei likeverdige og likestilte standardspråka bokmål og nynorsk, er nasjonalt hovudspråk i Noreg.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

Terner og måsar er to underfamilier av den store måsefamilien, men skil seg vesentleg frå kvarandre i utforming, flukt og levestil. Terner har ei kløft i halen og spisse vengjer.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Makrellterna over vatnet

Gjennom oppveksten var ei av dei sterkaste opplevingane mine å oppdage den fyrste makrellterna blant hettemåsane.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis