Svar til Terje Norddal

Publisert

Som svar på Terje Norddal sin kommentar «Vår kamp» i Dag og Tid den 18. mars 2022 skal eg formulere meg punktvis, sidan Terje Norddal sin artikkel er litt rotete og usamanhengande.

1) Viss han hadde lese den pensjonerte USA-ambassadøren Jack F. Matlock sine kunnskapsrike utgreiingar, ville han fått eit totalt anna syn på Ukraina. Matlock var mest heile si tid ambassadør i Sovjetunionen og Tsjekkoslovakia og var god ven med både Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov. Eg kan sitere noko frå Matlock: «Det er ei kjensgjerning at Ukraina er ein stat, men ikkje ein nasjon. I dei tretti åra Ukraina har vore uavhengige, har dei ikkje klart å finne ein leiar som kan foreine innbyggarane i ein felles ukrainsk identitet. Landet fekk si noverande form etter andre verdskrigen, og det er heilt absurd å tenke på det som eit tradisjonelt eller opphavleg heile. Det gjeld i endå større grad dei to nylegaste tilskota, frå Polen og Tsjekkoslovakia» (frå Klassekampen 15. januar 2022).

2) Så om væpning mot overmakt. I krigen i 1940–45 ville Noreg aldri ha unngått å bli hærsett, anten av Tyskland eller England, uansett kor stort væpna forsvar vi sat inne med. Vår lange og strategiske kystlinje mot Atlanterhavet er her vesentleg. Hadde vi samla ein større styrke, ville mannefallet berre blitt meir omfattande.

3) Etablert konsolidert demokrati. Dette flotte uttrykket som du har lært deg, og nyttar ofte, samsvarar ikkje heilt med dei synspunkta du forfektar. Eg ser det slik, at eit godt demokratisk styresett fungerer best når det er basert på eit frå før etablert styresett!

Ikkje slik som USA og Vest-Europa til stadigheit prøver å pådytte andre kulturar, rundt omkring på kloden. Med det eigentlege formålet: å tileigne seg verdifulle ressursar.

4) Despot. Kanskje er Vladimir Putin ein despot, på lik linje med ein president i USA, eller ein høvding i Afrika. Men, han må forhalde seg til ein duma, som er eit like viktig styringsorgan som kongressen i USA.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement