JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Svar til Holtet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein demonstrant skriv slagord på den ulovlege muren Israel har bygd på Vestbreidda, med krav om lauslating av palestinske fangar.

Foto: Nils-Inge Kruhaug / NTB

5381
20230922
5381
20230922

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Israel

Reidar Holtet skreiv eit innlegg i denne avisa 1. september etter å ha lese eit intervju med meg, der eg omtala eit israelsk angrep på flyktningleiren Jenin på Vestbreidda i sommar. Ifølgje Holtet manglar eg både «innsikt og integritet», og eg har «sterk binding» til Palestinakomiteen, fremfor Høgskolen».

Eg er tilsett som fagperson på NLA Høgskulen, der eg underviser i interkulturelle studium, ofte tema som menneskerettar og migrasjon. Doktorgraden min frå Universitetet i Bergen handlar om FN og det palestinske flyktningspørsmålet, og eg har hatt Palestina/Israel som fagfelt i 20 år.

Som forskarar har me metodar me bruker for å vere systematiske, transparente og etterrettelege. Forsking som bygger på truverdige kjelder og fagfellevurdert litteratur, representerer ikkje ein ideologisk ståstad. Det er forsøk på å representere fakta så godt som mogleg. Men me har alle ein ståstad, og det normative grunnlaget mitt, målestokken eg analyserer summen av fakta ut frå, er dei universelle menneskerettane.

Dei moderne menneskerettane blei utvikla som ein respons på tragediane under den andre verdskrigen, og særleg det industrielle folkemordet av jødane. Heilt sentralt i dette systemet er FNs Verdserklæring frå 1948 som slår fast at menneskerettane er for alle, uavhengig av rase, religion, kjønn, språk, politisk tilhøyrsle, nasjonalt eller sosialt opphav og så bortetter. Folkeretten er ein annan internasjonalt anerkjend vegvisar for korleis statar skal oppføre seg.

Folkeretten gir statar rett til å forsvare seg, men ikkje uproporsjonalt eller for å oppretthalde okkupasjonen. Den same Folkeretten anerkjenner motstand mot ein illegal okkupasjon så lenge sivile ikkje blir ramma. Israels antiterrorretorikk har legitimert ein brutal respons på mange former av palestinsk mobilisering, frå fredeleg til valdeleg motstand, og landet bryt ofte pliktene sine som okkupasjonsmakt.

I fjor blei 54 palestinske barn og eitt israelsk barn drepne. Dei aller fleste palestinske barna blei skotne av den israelske hæren, ifølgje FN. Kvart år blir mellom 500–700 palestinske barn ned til 12-årsalderen varetektsfengsla og straffeforfølgde i israelske militærdomstolar. Dei får ofte ikkje vite kva dei er tiltalte for, tortur er utbreidd, og barna har små sjansar i ein militærdomstol der 99 prosent blir dømde skuldige.

Den israelske okkupasjonen og undertrykkinga han fører med seg, har gjennom mange tiår skapt og gjenfødt ein palestinsk kamp for fridom og sjølvstende. Eg trur ikkje det er nok for Holtet om eg her viser til ein omfattande faglitteratur om 1967 og PLO eller dokumentasjon frå menneskerettsorganisasjonar og FN om konsekvensar av okkupasjonen.

Eg viser til Daniel Hagari, talsmannen for den israelske hæren (IDF), som sist veke uttalte til avisa The Times of Israel at «Jewish nationalist terror in West Bank is spurring previously uninvolved Palestinian civilians to engage in attacks». Utsegna til Ami Ayalon, tidlegare leiar av israelsk tryggleiksteneste Shin Bet er talande: «When Palestinians see that we destroy (their) houses, their level of fear and frustration and hatred increases. Those are the reasons that people join terrorist organizations

Holtet spør kva folkerettslige brot eg kan dokumentere. Lista er lang. Eg kan starte med muren som deler Vestbreidda opp i enklavar. Den internasjonale straffedomsstolen i Haag har definert muren som et alvorlig brot på internasjonal lov og kravd han fjerna. Holtet skriv at jødar ikkje kan «sende flyttemelding dit», men alle israelske regjeringar sidan 1967 har tatt over palestinsk land og bygd fleire busetjingar. I dag bur det 700.000 jødiske busetjarar i område C på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem, trass i at busetjingane er illegale ifølgje internasjonal lov.

Dei bryt til dømes kapittel 49 i den fjerde Genevekonvensjonen, som slår fast at det er forbode å flytte befolkning inn på okkupert område. Det same gjeld anneksjonen av Aust-Jerusalem frå 1980.

Sidan 2017 har partiet Likud, med Netanyahu i front, offisielt støtta anneksjon av Vestbreidda. På bakken har Israel gradvis utført ein de facto anneksjon av land. Dette fordriv den palestinske lokalbefolkninga, som sit att med mindre enn 20 prosent av Vestbreidda, spreidde enklavar av nominelt «sjølvstyre» i område A. Anneksjon er ulovleg og nok eit alvorleg brot på internasjonal lov.

«Apartheid er det som foregår hos palestinerne som ikke tillater at jøder bor på Vestbredden» skriv Holtet. Dei siste åra har leiande menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch og Amnesty dokumentert korleis israelsk politikk utgjer apartheid. Om Holtet ikkje finn dei truverdige, kan han lese rapporten til den israelske menneskerettsorganisasjonen B’tselem eller brevet «The elephant in the Room» signert av meir enn 2200 jødiske akademikarar, prestar og andre offentlige personar. Sist veke kom Tamir Pardo, tidlegare leiar av Mossad, Israels etterretningsbyrå, på banen. Til Associated Press uttalte han at Israels politikk er apartheid. Pardo la vekt på Israels kontroll over palestinaranes rørslefridom og at palestinarane lever under israelske militærlover på Vestbreidda, medan jødiske busettarar der lever under sivil lovgjevnad.

Les gjerne meir i boka mi Palestina. Fakta på bakken som kom ut på Universitetsforlaget i år.

Kjersti G. Berg er førsteamanu­ensis ved NLA Høgskolen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis