Sur gammal gubbe
Foto: Håvard Rem
I Dag og Tid nr. 7 hadde Bernt Hagtvet ein artikkel om Der Spiegel, og nemnde tysklæraren på gymnaset som peika på Willy Brandts Tyskland som «det andre Tyskland». Sjølv var eg òg positiv til Brandt til fram mot slutten av 60-talet. Då bikka det over. Og i dag meiner eg at Brandt har eit heilt ufortent godt ettermæle.
På 60-talet utvikla Brandt seg til ein sur gamal gubbe. Han brukte kraftig språk mot dei som demonstrerte mot massedrapa i Vietnam og juntaen i Hellas. At han kalla Spiegel for eit møkkablad, provar berre at bladet hadde ein moralsk standard etter at Brandt for lengst hadde mista sin.
Som kanslar fekk Brandt vedtatt den såkalla Radikalenerlass, eit yrkesforbod for folk i offentleg teneste som var «forfatningsfiendtlege» – det vil seie folk som hevda det same som han sjølv i ungdommen. Slik snevra han på autoritært vis inn ytringsfridomen. Gjennom åra blei 3,5 millionar undersøkte, 10.000 utestengde og 260 sparka. Frå lærarar og lokomotivførarar til bibliotekarar og kontorfolk.
Frå tidleg på 70-talet var Dagbladets Jon-Hjalmar Smith i Bonn ein flittig rapportør. Då Brandt fekk Fredsprisen, skreiv Smith: «Noen trodde kanskje at en fredsprisvinner ville avholde seg fra å hjelpe et tortur-diktatur. Og bør han ikke også ha et forhold til menneskeretter og fascisme?»
Kvifor skreiv han dette?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.