Straumpriskrisa: No brenn tampen

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

No brenn tampen for Jon Hustad i det norske straumpriskrisemysteriet. I Dag og Tid 18. februar samlar han trådane som peikar mot at det som går føre seg, er norske aktørar sitt verk. Vi er ikkje offer for ei krafttapping frå straumsvoltne makter i Europa, og eksport-/importvoluma er små i høve til den norske marknaden. Han er òg på sporet når det gjeld den forvirrande bruken av omgrepet samfunnsøkonomisk lønsemd: Om investorane tek heile kaka, så skal det liksom kunne vere rett, berre kaka er så stor som mogleg. Bra!

Ein viktig bit manglar framleis i biletet han teiknar opp: den underordna rolla norsk kraft spelar i dagens europeiske fornybarbilete – og ho krympar for kvar dag. Ved middagstider den måndagen han tek utgangspunkt i, var den tyske fornybarproduksjonen på 56 GW, det vil seie 40 tysklandskablar, og dekte 78 prosent av det nasjonale forbruket. Samstundes var den engelske 15,8 GW, det vil seie energiflyten i 16 englandskablar, og dekte 44 prosent av det nasjonale forbruket. Om Noreg legg klausular på sin eksport, har det berre marginal innverknad på forsyningssituasjonen. Allereie i dag er Noreg mest interessant for Tyskland som reguleringspartnar, og om ikkje lenge vert det truleg slik for England òg.

Så når mange norske aktørar insisterer på fri kraftflyt gjennom ei europeisk straumpriskrise, er det ikkje for å kunne selje kraft – det treng vi ikkje fri flyt for å få til. Heller ikkje for å kunne drive nettoimport av store volum – det skjer mest aldri no for tida. Det er for å kunne sope inn milliardar på kunstig høge norske prisar. Dei nye kablane er berre eit verktøy. Vi treng ikkje be det samfunnsøkonomiske presteskapet «pontifikera» om dette er lurt. Når prisen på ein strategisk vare er på 5–10 gonger produksjonskostnadene eller meir, og vi har eit solid produksjonsoverskot på 5–10 prosent av volumet, så veit vi at stoda er hakkande galen.