Storting og småting i Kardemommeby
Stortinget og Eidsvolls plass.
Foto: Peter Mydske / Stortinget
Eg har med stor interesse lese stortingsmeldinga frå skribenten Clementine i spalta «Lita skrift» i utgåva frå 3. mai, der ho gjev oss innsyn i noko av livet innanfor makta sitt episenter i Noreg. Om sikringstiltak og andre ting ein bør kjenna til. Nyttig, dersom ein ved eit høve skulle få den æra å kunne gjesta Stortinget. Men det har eg da verkeleg gjort? Eller har eg drøymt? Til års komen, godt på veg mot dei 90, er ikkje hugsen den beste lenger. Likevel, mykje av det ein tidlegare har opplevd og det ein har høyrt, sit merkeleg godt inne. Vi snakkar ikkje her om brillene som eg truleg la frå meg ein stad for fem minutt sidan.
Det må vel ha vore i slutten av 70-åra. Eg kom gåande nedover Karl Johan, på venstre sida av gata. Rett ovanfor ei av desse løvene som ligg og vaktar bygningen, vart eg merksam på ei dør. Om der var eit skilt som opplyste noko, eller om døra stod på vid vegg, er meg ikkje heilt klårt lenger. Men innanfor døra var det ei trapp, og den gjekk eg opp. Var vel på veg heim, men hadde god tid før toget mitt gjekk frå Vestbanen. Så dette var litt spennande. Eg kom til eit galleri. Og rett under meg var sjølve salen, Stortinget, slik eg hadde sett den i fjernsynet. Om lag halvt bemanna. Og bekvinna.
Nei, nå tøysar du, goffa, seier barnebarna. Eller lyg du for oss? Ja vel, det har vel hendt at eg har fargelagt nokre av mine opplevingar, men det var helst da dei var små. Nå byrjar eg å tvile sjølv. Kunne ikkje ha vore sant. Men i dette Kardemomme-eventyret såg eg så tydeleg Tante Sofie, eller Gro, som ho heitte. Nede i salen, rett under meg, eg kunne tømt ein liter kaldt vatn ned i hovudet hennar. Ikkje at eg ynskte det. Kanskje tenkte det. Mange av røvarane der nede kunne eg også kjenne att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.