StorofsenNaturkatastrofeIvar HidleOrkangerI Dag og Tid nr. 15 finn ein diktet «Storofsin» av Astrid Krog Halse frå Meldal. I omtalen av diktet står det mellom anna: «Storofsen var ein flaumkatastrofe som råka Austlandet i juli 1789.»
Orkla under Vollan bru, Kvikne, Tynset. Om ikkje faren for flaum er heilt borte, blir det vonleg ikkje fleire ofsar i Orkla no som elva er regulert.
Foto: Wikimedia Commons
I Dag og Tid nr. 15 finn ein diktet «Storofsin» av Astrid Krog Halse frå Meldal. I omtalen av diktet står det mellom anna: «Storofsen var ein flaumkatastrofe som råka Austlandet i juli 1789.»
Storofsen råka også nord for Dovre. Eg tillèt meg å sitera frå Orkdalshistoria, bind II, kapittel 18: «Storofsen og andre naturkatastrofer»: «Storofsen i 1789 var sannsynligvis den verste naturkatastrofen som noen gang har ramma Orkdal. Den er blitt karakterisert som ’en av de største ødeleggelser ved flom og jordskred, som har rammet vort land’. I Orkdal voldte den langt mer skade enn tidligere skadeflommer, men flomkatastrofen omfatta ikke bare Orkladalføret. Den ramma samtidig Gauldal og de fleste vassdraga på Østlandet. Særlig i Gudbrandsdalen var ødeleggelsene og tapa av menneskeliv store.
Det hele begynte med kraftige regnbyger i Telemark 20. juli 1789. Neste dag var det et sammenhengende skybrudd over hele Østlandet, og om kvelden den 21. juli nådde uværet Sør-Trøndelag. Skybruddet og Storofsen varte i 3 dager, til 23, juli.»
Sokneprest Jacob von der Lippe Parelius i Meldal skreiv at vatnet «gikk 3 alen og 4 tommer (ca. 3 meter) over vanlig flomnivå», og at «heele Dalens Eng og Agersletter stod da overalt under dybt Vand».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.