Store forteljingar, sunn fornuft og kunnskap
Første gongen eg høyrde ordet ‘narrativ’ (frå latin narratio, forteljing), tenkte eg at det handla om postmoderne jåleri i eit lite akademisk sjikt. Så feil kan ein ta. Eg er framleis skeptisk til både postmodernisme og språkleg jåleri, men har fått stor respekt for uttrykket ‘store forteljingar’.
Som medlem i Raudt vart eg sjokkert over innlegg frå enkelte debattantar på venstresida i tida etter Russland sin folkerettsstridige invasjon av Ukraina. Ukraina fører ein forsvarskrig i tråd med FN-pakta. Likevel er det enkelte som ser dette som ein krig mellom USA og Russland.
Støtte til Ukraina er derfor støtte til det imperialistiske USA, og dermed er det feil av Noreg å donere våpen til Ukraina. For meg er dette ein fullstendig ulogisk konklusjon. Fleirtalet på Raudt sitt landsmøte i 2023 kom da også fram til at det er rett å hjelpe Ukraina med våpen.
Likevel er det grunn til å spørja: Kva er bakgrunnen for at enkelte på venstresida engasjerer seg mot slik våpenhjelp? Det handlar iallfall ikkje om eit ønske om undertrykking av det ukrainske folket. Eg mistenker at to ulike ‘store forteljingar’ kan hjelpe oss eit stykke på veg med å forklare fenomenet.
Den eine forteljinga handlar om kampen mellom to leirar, der den eine leiren er imperialistiske land med USA i spissen, og den andre leiren er land som står opp mot USA. Dette er forteljinga til campismen (frå engelsk camp, leir), som har sine røter i Zjdanov-doktrinen frå 1947.
I starten av den kalde krigen hadde Sovjetunionen rolla som uomstridd leiar for den ‘antiimperialistiske’ leiren. Denne rolla vart i ein periode utfordra av Mao, som såg på Kina som ein naturleg leiar for dei fattige landa i den tredje verda. Den campistiske forteljinga fekk aldri brei tilslutning i vestleg arbeidarrørsle, og stod spesielt svakt i perioden 1980–2010. I denne perioden utvikla Kina samarbeidet med vestleg finanskapital om å bli verdas viktigaste leverandør av industrivarer, samtidig som Sovjetunionen gjekk i oppløysing og Russland utvikla ein mafiøs kapitalisme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.