Ordskifte

Stopp nedlegginga av pasientbiblioteket

Publisert

I desember vart det vedteke at pasientbiblioteket på Haukeland universitetssjukehus i Bergen skulle leggast ned, som eit ledd i budsjettkutt der føretaket skal spare 250 millionar kroner.

Oslo universitetssjukehus satsar på pasientbibliotek, med 4,5 årsverk fordelt på to bibliotek, medan St. Olavs hospital i Trondheim har byrja å sjå på moglegheita for å reetablere biblioteket som vart lagt ned for nokre år sidan.

Eg har vore pårørande på Haukeland i over eitt år no og har stor nytte av pasientbiblioteket. I ein kvardag prega av sjukdom og alvor representerer pasientbiblioteket for meg ei heilt anna verd enn det venteareal og sjukehuskorridorar gjer. Denne kulturoasen genererer håp og fungerer som ein ladestasjon.

Leiinga si faglege grunngiving for vedtaket er at pasientar i større grad brukar eigen mobil til underhaldning, og det vert vist til ei digital utvikling i samfunnet. Har ikkje føretaksleiinga fått med seg at regjeringa prøver å snu den digitale utviklinga med leselyststrategien «Sammen om lesing»? Kvifor tek ikkje leiinga brukarutvalet si bekymring kring barn og unge sin skjermbruk på alvor? Og kvifor lyttar dei ikkje til erfaringspanelet si anbefaling om å ivareta biblioteket sin funksjon som frisone og møteplass? Heller ikkje over 2000 underskrifter mot nedlegginga ser ut til å påverke leiinga.

Bibliotekaren held fram som tilsett i føretaket, og husleiga må ei avdeling på Haukeland uansett betale. Ein står då igjen med utgifter til bokinnkjøp. Sidan pasientbiblioteket er eit tilbod for alle pasientgrupper, bør sjukehuset sjå på ei felles løysing for vidare drift. Initiativet bør kome frå øvste hald. I brev til leiinga skriv Norsk pibliotekforeining at kultur gjer oss motstandsdyktige og er ein viktig del av folkehelsa, som sjukehusa bør vere med på å bygge opp. Noregs største kunst- og kulturforbund, Creo, viser i sitt brev til solid forsking som dokumenterer at kulturtilbod bidreg til helse, meistring og livskvalitet. Både bibliotekforeininga og Creo ber leiinga om å revidere vedtaket på styremøte 7. mai.

Kjensla av å ikkje nå inn til leiinga motiverte meg nyleg til å arrangere ein ulovleg protestkonsert ved pasientbiblioteket. Etter konserten kom ein dame bort til artistane og takka oss for konserten. Ho hadde vore pasient på sjukehuset i eitt år og brukt pasientbiblioteket kvar dag. Den dagen skulle ho skrivast ut, og ho var sjokkert over at dette flotte tilbodet skulle leggast ned.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel