Stopp angrepa på den kurdiske enklaven AfrinMidtaustenGro EriksenSandnesKor blir det av kritikken Noreg burde retta mot Tyrkia? Vår «våpenbror» har bomba den kurdiske enklaven Afrin sidan 20. januar, og meiner no å ha «full kontroll» over byen i Nord-Syria

Publisert

Kor blir det av kritikken Noreg burde retta mot Tyrkia? Vår «våpenbror» har bomba den kurdiske enklaven Afrin sidan 20. januar, og meiner no å ha «full kontroll» over byen i Nord-Syria! Men verken Nato eller den norske regjeringa har kritisert dette. Nato-landet Tyrkia må få tydeleg melding om kva lidingar dei påfører sivile, både barn og vaksne.

Tyrkia har sendt inn både bombefly og bakkestyrkar mot Afrin. Målet er å nedkjempa den kurdiske militsen YPG/YPJ. Erdogan er redd for samarbeidet mellom desse og PKK i Tyrkia, som kjempar for kurdisk sjølvstyre i Tyrkia. Erdogan melde 18. mars å ha tatt «full kontroll» over byen. Angrepa påfører sivile i og omkring Afrin enorme traume og lidingar. No har mange innbyggjarar flykta frå byen. NTB melde søndag 18. mars om 200.000.

Dette gjeld både Afrins eigne innbyggjarar og dei mange sivile som flykta hit under krigen mot IS. Afrin var skåna for krigshandlingar før Tyrkias angrep. Erdogan ser ikkje ut til å gje seg med dette. Nyleg kunngjorde han at han vil gå lenger aust for også å ta kontroll over byen Manbij, der det bur mange kurdarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement