Stoggar rettsaker mot Raude Khmer
Khieu Samphan (t.v.) og Nuon Chea er båe dømde for folkemord i Kambodsja.
Foto: Andy Eames / NTB scanpix
Andre- og tredjegrads leiarar av Raude Khmer slepp svara i retten for folkemorda til rørsla deira mellom 1975– 79.
Nyhenda 16. november 2018 fortalde at Extraordinary Chambers in the Courts of Cambodia (ECCC), ein blanda FN-kambodsjansk domstol i Phnom Penh, dømde to leiande Raude Khmer-straffsøkte for folkemord, det skjendigaste brotsverket av alle. Den 28. mars offentleggjorde ECCC dommen på 2259 sider, der brotsverka deira var gjort greie for i detalj. Likevel ser det ut til at ECCC ikkje vil behandle fleire saker mot andre medlemar av Pol Pots brutale Raude Khmer-regime, som styrte Kambodsja frå 1975 til 1979.
Dei to tidlegare høgtståande leiarane i Pol Pots regime som no er dømde for folkemord, er store fiskar. I 36 år tente Nuon Chea som Pol Pots avløysar, i eigenskap av nummer to i det kambodsjanske kommunistpartiet frå 1962 til Pol Pot døydde i 1998. Khieu Samphan var Raude Khmer-regimets statsoverhovud frå 1976 til 1979.
At domstolen fann to tilfelle av folkemord under Raude Khmer-styret, er eit viktig steg. Mange akademikarar har lenge hevda at regimet var skuldig i andre brotsverk, men ikkje folkemord. ECCC har i staden konkludert med at to av dei etniske minoritetsgruppene i Kambodsja, dei etnisk vietnamesiske og Cham-muslimane, begge var utsette for folkemord av regimet. Denne veldokumenterte dommen bør ikkje rokkast av at Nuon Chea døydde 4. august, 93 år gamal, medan hans eigen dom for begge brotsverka var appellert.
Medskuldige
Desse to framståande medskuldige med Pol Pot er dømde ikkje berre for folkemord, men òg, i ein ECCC-dom frå 2014 som var under appellbehandling i 2016, for brotsverk mot menneska. I tillegg sonar Duch, den tidlegare kommandanten for regimets sentrale, hemmelege fengsel, «S-21», ei livstidsstraff, etter at han i 2010 vart dømd for brotsverk mot menneska. Desse tre dommane, sjølv om dei først kom etter nesten fire tiår, gjev ein monaleg grad av rettferd til offera.
Tre andre sentrale Raude Khmer-leiarar er òg arresterte og fengsla i seinare tid. To av dei, Ieng Sary og Ieng Thirith, begge ministrar i regjeringa til Pol Pot, var stilte overfor utsiktene til rettssak, men døydde før dom var felt. Ieng Sary, som var visestatsminister i Raude Khmer-regimet frå 1975 til 1979, døydde i fengsel i 2013, under rettssaka mot han for brotsverk mot menneska. Han var òg opphavleg tiltala for folkemord, og saka skulle opp i ein rettssak nummer to. Kona hans, Ieng Thirith, vart også fengsla, men saka mot henne vart stogga fordi retten fann henne mentalt svekt og ueigna til å bli stilt for retten. Ho døydde i 2015. Den militære sjefen for Raude Khmer, Mok, vart arrestert i 1999, og døydde i fengsel i 2006, medan han venta på at rettssaka mot han skulle ta til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.