Stoda for norsk språk i dag

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ein notis i nummer 2/2022 av Dag og Tid syner at talet på dei elevane som har nynorsk som hovudmål, er komi ned i 11,8 prosent. Kvifor er det gått slik?

Aasen levde i ei tid då også andre nasjonalspråk i Europa vart atterreiste som skriftmål, jf. tsjekkisk og finsk. Finnane hadde hatt den føremonen at dei fekk Bibelen på finsk alt i reformasjonstida. Svenskekongen meinte dei hadde krav på det.

Mange meiner at dansk og norsk var så pass nærskylde mål at den norske målreisinga kom i ei særstode. Det er ikkje rett, katalansk og ukrainsk målreising har hatt stor framgang jamvel om det konkurrerande skriftspråket ligg nære opptil.

Ein kunne ha ynskt at Aasen hadde levd hundre år før, ikkje då det var slutt på dansketida, og skiftspråket jamvel om det var dansk, tente som ei markering mot Sverige. I vørdnad for broderfolket vart alle skriv frå svenskekongen som galdt Noreg, utferda på «norsk» – det vil seia dansk. Språkspørsmålet vart difor ei bisak i arbeidet for lausriving frå Sverige. Rett nok hadde landsmålet stor framgang, men riksmålsfolk såg fåren og var viljuge til ymse konsesjonar når det galdt dansk-norsken, mykje i tråd med Knud Knudsens framlegg. Med rettskrivinga av 1907 vart skilnaden på bokmål og dansk skriftmål merkande, og med 1917-rettskrivinga kom ein fram til den bokmålsforma som den dag i dag stort sett er rådande.

Den havarerte samnorskrørsla forkludra også det heile. Det verkar som samnorskstrevet har gått mest ut over nynorsken, som etter krigen meir nærma seg bokmål enn omvendt. Så langt er denne tilnærminga komen at mange ikkje ser vitsen med nynorsk. Berre litt ulik grammatikk står att, ordtilfanget vert meir eins. Når nynorskbrukarar skriv rask og fortset i staden for snøgg og held fram, svik dei sjølve målreisingstanken.

Argumentet om at nynorsken er for vestlandsk og nærast eit framandmål for austlendingar, held ikkje vatn når ein ser på ymse målføre på Austlandet og på målreising andre stader. Tyskskrivande tsjekkarar gjekk ihuga inn for å læra seg eit framandsleg og arkaisk tsjekkisk som var svært ulikt det dei høyrde i Praha. Under ei nasjonal reising mot danskeveldet ville nok mange med eldhug ha gått inn for at norsk skulle vera einaste skriftmålet i landet, men etter 1814 og ikkje minst i dag, ville eit slikt krav ikkje føra fram, men kjennast heilt urimeleg.

Eit atterreist eller nyskapt skriftmål må lærast før ein kan ta det i bruk, og då er det viljen og innstillinga det kjem an på, ikkje om språket inneheld mange arkaismar ol. Som ein (løynd) lekk i målreisingsarbeidet la ein vekt på å undervisa i gamalnorsk i den vidaregåande skulen for slik mellom anna å syna at nynorsk ikkje først og fremst er nynorsk, men norsk. Dette er det no så godt som slutt på. Timane i gamalnorsk er reduserte til eit minimum.

Språkstoda har også vorti tildekt med omgrepet målform i staden for språk. Fyrst no byrjar ein sjå mistaket. (Ny)norsk og dansk-norsk er to ulike skriftspråk.

I dagens globaliserte og datadominerte verd har bokmålsungar meir kontakt med ei angloamerikansk verd enn med det rotnorske. Tidlegare gjorde ein freistnader på å norska opp ordtilfanget. Framhaldskule, samskipnad, snøggstilling og framtrygd (i det militære), men slikt er det slutt på. Som kjelde for innføring av nye ord i bokmålet – og også i stor mon i nynorsk – har no engelsk teke fullstendig over. Som skriftmål er også bokmålet svekt. Meir og meir av det som vert skrivi på universiteta og jamvel i den vidaregåande skulen, er no på engelsk. Medvitne riksmålsfolk og målmenn kunne kan henda møtast i eit vern om domenet for bruk av norsk. Men dit er det enno eit langt steg.

Klimaet for målreising har vel aldri vori så dårleg som no, og nordmenn har alltid vori eit tilpassingsdugande og autoritetslydig folk. Oppreist-ande og kampvilje ser ein lite til når det gjeld framandspråkleg dominans. Er det hovudforklaringa på at nynorskprosenten no er nede i 11,8?