Steiner og Ebbestad HansenSteinerKaj SkagenI innlegget sitt i Dag og Tid 3. august peikar Jan-Erik Ebbestad Hansen på at eg i kommentaren min 13. juli ikkje skriv om framstillinga hans i boka

Den austerrikske filosofen og Goethe-forskaren Rudolf Steiner (1861–1925) grunnla antroposofien.
Den austerrikske filosofen og Goethe-forskaren Rudolf Steiner (1861–1925) grunnla antroposofien.
Publisert

I innlegget sitt i Dag og Tid 3. august peikar Jan-Erik Ebbestad Hansen på at eg i kommentaren min 13. juli ikkje skriv om framstillinga hans i boka En antisemitt trer frem. Alf Larsen og Jødeproblemet av verknadshistoria når det gjeld Rudolf Steiner og antisemittismen.

Det er heilt rett at eg ikkje tok opp alle sider ved boka hans i kommentaren min. Den var nettopp ein kommentar til eitt element i boka, og ikkje ei bokmelding. Det var òg difor redaksjonen forsynte artikkelen med vignetten «bokkommentar». Det må vere retten min som skribent å knyta ein kommentar til einskilde innslag i ei bok, utan å måtta melda heile boka som ein litteraturkritikar.

Når det gjeld spørsmålet om verknadshistoria, altså om Steiners verk har inspirert til antisemittisme, som Ebbestad Hansen meiner, kan dette umogeleg ha eit eintydig svar.

Det er lett å teikna eit bilete av Steiner som rasist og antisemitt om ein vel ut det som passar med dette. Det er like lett å teikna han som antirasist og fridomsmann. Han kan vera nasjonalist for nasjonalistane og universalist for liberalarane, fiende av antisemittismen for antroposofane og antisemitt for Ebbestad Hansen. For det høgreekstremistiske ekteparet Haverbeck kan han til og med vera «advokat for Tyskland» og Hitler.

Men Steiner vart fødd for 157 år sidan. Han levde og verka i ei anna tid. Han døydde før Holocaust og grunnlegginga av det moderne Israel, og før oppkomsten av den nye antisemittismen og Israel-hatet i våre dagar.

Ebbestad Hansen syner at fleire antroposofar, særleg frå mellomkrigstida, hadde antijødiske synspunkt. Men han drøftar ikkje om desse synspunkta like gjerne kom frå samtida som frå Steiner. Han undersøker ikkje om det fanst andre framståande antroposofar som ikkje hadde antijødiske synspunkt. Han jamfører ikkje det antijødiske innslaget mellom antroposofane med antisemittismen i samtida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement