Stein

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I «Korleis Jæren vart Jæren» (Dag og Tid 19. november) skriv Andreas Skartveit at Austlandet millom anna er steinfritt, men då kann ikkje Andreas ha vori særleg mykje på Austlandet. Rett nok er det relativt steinfrie område på Austlandet som til dømes Romerike og Austfold. Men på Hedmarka og Totn er det like mykje stein i jordi som på Jæren. Tradisjonen med å nytta steinen i gjerder er ikkje so sterk som på Jæren. På Hedmarka og Totn vart og vert steinen fyrst og fremst køyrd på digre tipprøysar, som pregar mykje av kulturlandskapet i dag. Stubbebrytaren på Austlandet vart ikkje berre nytta til å brjota stubbar med, men au stein.