Stegane vil ikkje lesa kritikken han går imotJens TvedtAnders M. AndersenIdar Stegane vil framleis ikkje ta alvorleg kritikken han har fått i boka

Publisert

Idar Stegane vil framleis ikkje ta alvorleg kritikken han har fått i boka Jens Tvedt og den frie kvinna. Der kritiserer eg han for å ha knytt Jens Tvedt til det nazistiske omgrepet «Heimatdichtung», som han i doktoravhandlinga si hentar frå den illgjetne boka Rembrandt als Erzieher. Han påstår at eg «kallar» boka (proto)nazisisk. Tyske historikarar og litteraturhistorikarar har for lenge sidan gjort klart at dette anonyme skriftet på 329 sider var protonazistisk då det kom ut i 1890. Skriftet vart straks program for ei nazi-litterær rørsle og var med og la det ideologiske grunnlaget for den nazistiske rørsla. Standardverket Deutsche Literatur im dritten Reich slår fast at denne boka er nazistisk, til liks med visse andre skrifter frå før 1918.

Stegane viser uttrykkeleg til denne boka, hentar ordet «Heimatdichtung» herifrå, der det er nok å lesa nokre sider for å få med seg programmet for Heimat-kunsten: å læra tyskarane å bli dominerande herrar i verda. Det tyske er utvida sørover og nordover. Såleis er både Rembrandt og Shakespeare utnemnde til «nordtyskarar». For at tyskarane skal få verdsherredømme, skal kunsten læra dei å hata, «hassen lernen». Stegane meiner i doktoravhandlinga at «Heimatdichtung/heimstaddikting» skal vera analytisk og objektivt vitskapleg. Eit fagleg analytisk omgrep har det aldri vore. Grovt og fatalt mistak.

Jens Tvedt og den frie kvinna, som Stegane no har skrive to innlegg imot, har han ikkje lese. Der refererer eg det han påstår eg ikkje veit, at han har fått med seg at den tyske Heimat-diktinga var nazistisk. Det pinlege er at han like fullt og utan forklaring knyter Tvedt til dette omgrepet og denne litteraturen, utan eit ord om at Jens Tvedt er forfattar av heilt anna slag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement