Statleg terror
Faksimile av Dag og Tid. Faksimile av Dag og Tid.
I «Samtalen» med Hilde Henriksen Waage i Dag og Tid 1. mars synest det om å gjere for intervjuaren å framstille Hamas som ein terrororganisasjon – og berre det.
Til dømes spør intervjuaren: «Det er vel ikkje rart at Israel nektar å forhandle med ei samlingsregjering der Hamas er ein av partane. Hamas driv jo terrorverksemd.» Om det var graden av terror som skulle vere avgjerande, kunne dette heller vorte snudd til at Hamas av den grunn ikkje ville forhandle med Israel.
Terror er ikkje berre noko små grupper driv med. Israels bombing av Gaza har til no drepe meir enn 30.000 menneske, og denne statlege terroren vil halde fram så lenge Netanyahu er statsminister.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.