Ukraina-krigen

Stans blodbadet!

Publisert Sist oppdatert

Den 12. juli hadde Forsvarets Forum eit stykke om Ukraina-krigen på nettsida si, med tittelen «Ekspert: Forbi det punktet der krigen kan vinnes». Den norske pressa reagerte på innlegget ved å teia bom stille, heilt enkelt.

Så, etter at Trump og Putin møttest i Alaska, utan å lukkast med å landa ein fredsavtale, hadde SV si Ingrid Fiskaa den 16. august følgjande kommentar på Facebook: «At Trump og Putin ikkje landa ein avtale i natt var truleg like greitt.»

Ho var også klar på at Ukraina måtte med i forhandlingane for å få til ein «rettferdig fred».

Med dette gjer den elles gode Fiskaa to feil: Ho gløymer at det ikkje er taparen i ein krig som bestemmer fredsvilkåra. Det er det vinnaren som gjer, alltid – jamfør separatfreden mellom Finland og Sovjetunionen i 1944. Fiskaa tek også lett på at krigen vil halda fram, og overser glatt at tusenvis av stadig yngre menn vert drepne, for ikkje å snakka om alle som vert kvesta for livet.

Sidan fagmilitære nå peiker på at Ukraina berre vil tapa terreng dess lenger krigen varer, kan ikkje representantane på Stortinget lenger hevda at dei er i god tru dersom dei løyver endå fleire krigsmilliardar til Ukraina.

Frå nå av er krigen ikkje lenger krig med eit formål, men berre meiningslause myrderi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement