Springande mæle

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kjell Arild Pollestad skriv i stykket «Når rosa vert rose» om dei salmane som Peter Hognestad sette om til landsmål for om lag hundre år sidan, mellom dei julesalmen «Det hev ei rosa sprunge» (Dag og Tid 24. desember 2021). Pollestad tykkjer at det lyrisk fullkomne i Hognestad-salmane er herja med, til dømes med å setja inn «ei rose» for den originale «ei rosa».

Dette klanderet kan ha mykje føre seg, men lastar Pollestad rette vedkomande? Han skriv og spør slik: «Me er mange på Vestlandet som framleis seier ‘ei rosa’, og kva er grunnen til å retta jærbuen og Bjørgvin-bispen Hognestad til austnorsk?». Han finn «[d]en same austnorske e-sykja» i omskrivinga frå 2013 av salmen «Fager kveldsol smiler».

Kan henda retter Pollestad bakar for smed når han her knyter herjinga med Hognestad til det «austnorske»? Kan henda er det like gjerne vestlendingar som står bak, kan henda smitta av Pollestads «austnorske e-sykja»? Eller kan herjinga i siste rekkje koma av den graverande danske «e-sykja», som den dag i dag ovrar seg i mykje skrive og publisert i Noreg? Her som ‘den fine rosa’ så tidt vert til ‘den fine rose(n)’ og dilikt? For å kunna verta fin?

Eg seier det på nytt med Pollestads uhelse-ord: Den norske e-sykja, som (ikkje berre) finst i austnorske målføre, er i alle høve like fint, tradisjonelt og nedervd norsk som den alternative norske a-sykja, den som (ikkje berre) finst i vestnorske målføre. Er det då så underleg at det moderne nynorske målet vel har ei blanding av e-former og a-former?

Slutninga av dette er at ein norsktalande (og sjølvsagt au ein framandspråkleg) person som vil heva fram det fine, nye, tradisjonelle og nedervde norske talemålet i skrift, og som vil ha det heime hjå seg som språkleg springbrunn og mælande metode (med eller utan bokstavrim…), treng nynorsk som daglegmål og standardmål.

Korleis skal me elles kunna halda i hevd slike som gamle Hognestad heilt spesielt eller hevda slikt som det nye i det nynorske heilt generelt? Så til den som vil, anten du (opphavleg) er (framandspråkleg) austnorsk eller vestnorsk norsktalande, anten du er jærbuen Pollestad eller ein annan fast skribent i Dag og Tid: Skriv på nynorsk til dagleg, kvar gong du skriv, om det er det mogelege. Ta det som tale for det nye i år.