Språkstriden på 1950-taletNynorskSigurd SkirbekkKolsåsArtikkelen «Tapt land», skriven av Svein Gjerdåker (Dag og Tid 13. april 2018), fortener oppfølgingar. Gjerdåker, som er frå Voss, fortel om korleis språkstoda har utvikla seg i Trøndelag. I Nord-Trønde
Foreldreaksjonen mot samnorsk demonstrerer framfor Stortinget hausten 1951.
Foto: NTB / Scanpix
Artikkelen «Tapt land», skriven av Svein Gjerdåker (Dag og Tid 13. april 2018), fortener oppfølgingar. Gjerdåker, som er frå Voss, fortel om korleis språkstoda har utvikla seg i Trøndelag. I Nord-Trøndelag, der 63 prosent av skuleelevane hadde nynorsk i 1946, tapte nynorsken alle skulekrinsane i dei etterfølgjande tiåra. I Sør-Trøndelag, der 29 prosent av elevane hadde nynorsk som opplæringsmål i 1950, tapte nynorsken den siste skulekrinsen i fylket for eit par år sidan, med 62 mot 89 røyster. I dag er det ingen nynorske skulekrinsar igjen i heile Trøndelag.
Sjølv kjem eg frå Hedmark fylke, der vi har sett ei liknande utvikling. På slutten av 1940-talet var det nynorskkrinsar i både Elverum, Trysil, Tynset, Folldal og Alvdal. Innstillinga den gong var at sjølvsagt ville norskdomen sigra i Noreg. Det var det vi hadde kjempa for under krigen. Spørsmålet var om vi skulle gå over til norsk mål i eitt eller fleire steg. Mange forfattarar skreiv på nynorsk. På Hamar kom det ut to dagsaviser på bokmål: Hamar Stiftstidende (1847–1971) og Hamar Arbeiderblad (1925–), samstundes som vi hadde ei vekeavis på nynorsk som vart trykt på Hamar, Austland (1922–1965). Årbok for Glomdalen (1941–1967) vart i heile denne perioden redigert på nynorsk.
Hedmark fylke hadde siste hundreåret fostra fleire skjønnlitterære forfattarar som alle skreiv eit meir eller mindre normalisert nynorsk. Desse tapte på mange måtar grunnlaget for arbeidet sitt. Det gjaldt Ivar Mortenson Egnund, Arnljot Eggen, Hulda Garborg, Halvor Floden, Åsta Holt, Ola Jonsmoen, Sigmund og Sven Moren, Sigurd Nergaard, Åsmund Sveen og Halldis Moren Vesaas.
På 1940-talet heldt familien vår Nynorsk Vekeblad, med teikneseriane Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg på eventyr. Naboguten hadde Illustrert familieblad med teikneseriane Nils og Blåmann og Tom Trick. Familien til naboguten heldt Hjemmet med Knoll og Tott. Vi hadde Norsk Barneblad med Smørbukk. Eg kan ikkje minnast anna enn at vi lånte vekeblada av kvarandre og var opptekne av kva teikneseriefigurane hadde funne på sidan sist, ikkje av kva målform dei nytta.
Dette var på 1940-talet. Så kom 1950-talet med ein til dels hatsk språkstrid. «Stikka» (Hamar Stiftstidene) kunne triumferande melda at no var nynorsken på landsbasis komen under 30 prosent. Målfolket innsåg at dei ikkje lenger hadde vinden i ryggen, og la om kursen: Kunne ikkje folk innsjå at begge målformene hadde sine sterke og mindre sterke sider, og at samnorsk kunne bli eit framtidsmål som tok opp i seg dei sterke sidene frå begge målformene?
I 1951 var det språkrøysting mellom elevane på Hamar Katedralskule. Då røysta fleirtalet av elevane for samnorsk. Men så kom vinden frå Oslo. Byen som i fleire hundreår hadde vore koloni- og administrasjonssete for regjeringa i København, og som historieprofessoren Øystein Rian ved eit seinare høve omtalte som «den minst norske byen i Norge».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.