Språklege presisjonsvåpen rammar Kreml

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Medan russisk artilleri gjer sitt beste for å legge byane i Aust-Ukraina i grus, blir dei russiske styresmaktene kvar dag råka av språklege «missil». Lat oss sjå nærmare på tre klassikarar i det språklege våpenarsenalet.

«Kjært barn har mange namn», heiter det. Den russiske presidenten har fleire oppnamn enn dei fleste, men namna vitnar ikkje om kjærleik. Under pandemien vart det vanleg å referere til presidenten i Kreml som «bunkernyj ded». Om vi set om frå russisk, kan vi kanskje seie «bunkerbestefar» eller «bestefar i bunkeren» på norsk. At presidenten høyrer til bestefarsgenerasjonen, er vel kjent. Under krigen i Ukraina har det vore tydeleg at den tidlegare KGB-offiseren høyrer til den eldre garden som fekk tankesettet sitt forma i sovjetperioden, og som sit fast i forelda tankegods frå den tida. Referansen til bunkeren spelar på at presidenten heldt seg i skjul under pandemien. Den fysiske og mentale isolasjonen hans kan ha ført til dei fatale feilvurderingane han gjorde då han freista å erobre heile Ukraina i opningsfasen av krigen. Samstundes gir bunkeren assosiasjonar til ein annan namngjeten diktator som enda sine dagar i ein bunker under Berlin i 1945.

Eit anna oppnamn som fungerer som våpen i språkkrigen, er «Putler». Namnet kling like bra på norsk som på russisk. Oppnamnet har vore i bruk i meir enn ti år, men fekk fornya aktualitet i samband med annekteringa av Krymhalvøya i 2014. Mindre aktuelt er det ikkje i 2022. Samansmeltinga av dei to namna Putin og Hitler inviterer lesaren til å fundere over likskapane og skilnadene mellom dei to diktatorane. Begge er ansvarlege for meiningslause angrepskrigar i Europa.

«Putler» er eit døme på den ordlagingsmekanismen vi finn i ord som ’smog’ (frå engelsk ’smoke’ og ’fog’) der ein hentar informasjon frå to domene og smeltar han saman til eitt omgrep. Eit meir komplisert døme er det tredje språklege våpenet vi skal sjå på. Når ukrainarane omtaler ideologien til det russiske regimet, bruker dei ofte det nylaga ordet «rasjizm». Den amerikanske historikaren Timothy Snyder har freista å omsetje det med «ruscism» på engelsk. Kanskje kan vi seie «ruscisme» eller «rascisme» på norsk. Her er det tre ulike element som verkar saman. R-en viser sjølvsagt til at det er det russiske regimets ideologi det er snakk om. Elementet «scisme» hintar til fascisme og får oss til å tenke gjennom parallellane mellom dagens russiske regime og ymse fascistiske diktatur som er godt kjende frå historia.

Det tredje elementet i «rasjizm» er meir subtilt. A-en viser til ein viktig skilnad mellom dei to nærskylde språka russisk og ukrainsk. I det russiske standardspråket og i dei sørrussiske dialektane blir bokstaven o i trykklett staving uttala som ein a-lyd. Namnet på den russiske hovudstaden blir dermed uttala «Maskvá» med trykklett a-lyd i første staving og trykk på siste vokalen. Dette språklege trekket finn ein ikkje i ukrainsk. Ukrainarane uttaler altså trykksvak å-lyd der russarane har a-lyd. Når ukrainarane skriv «rasjizm» med a, etterliknar dei russisk uttale. På den måten skaper dei ein referanse til forholdet mellom russisk og ukrainsk språk. At det ukrainske språket går vanskelege tider i møte i dei russiskokkuperte områda, er ikkje nokon dristig spådom.

Kva slags effekt har språklege våpen i krigen? Om dei påverkar tankesettet til den russiske presidenten og medarbeidarane hans, er ikkje kjent. Men krigen er òg ein informasjonskrig, og her kan språklege våpen spele ei viktig rolle. Dei styrker moralen blant krigsmotstandarar i Russland og Ukraina (og andre land), men framfor alt bringar dei saman mykje innsikt og analyse i eit kompakt format. Dermed får dei oss til å tenkje på nye måtar.