NRK
    Språkansvar og samsvar
    
    
        
        Illustrasjon: May Linn Clement
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Akkurat no skjer språkutviklinga i eit rasande tempo. Ei av årsakene til det er teknologisk utvikling og tilgang til nye medium som verken er redaktørstyrte eller har noka form for sikring. I heimane våre bruker «kidsa» meir tid på å «chille» enn å lese, og middagen var heilt «random». Men det som verkeleg uroar oss i NRK, er all den tida dei bruker på uredigert, algoritmestyrt innhald som ikkje er på norsk. Oppdraget til NRK er viktigare enn nokon gong, både for språket vårt og for «generasjon z».
NRK skal velje norske ord og uttrykk. Det blir stadig meir utfordrande, men vi jobbar systematisk for å få det til. Med over 3000 tilsette så er det ikkje alle som har språkreglane under huda til kvar tid. Språkdiskusjonar, -kurs, -praktikantprogram, fadderordningar, stavekontrollar, inspirasjonsdagar, retningslinjer og verktøy for å sikre språkoppdraget (som til opplysing også gjeld nord-, lule- og sørsamisk, kvensk, teiknspråk, romani og romanes) er ein del av arbeidskvardagen.
Språkoppdraget til NRK er både flott og krevjande, og det har ikkje blitt mindre viktig med tida, men viktigare. I dag lagar NRK meir innhald, til fleire plattformer. Vi har aldri hatt meir nynorsk enn vi har i dag, og for å få det til brukar vi ei teknologisk løysing som har fått støtte over statsbudsjettet, frå Nasjonalbiblioteket og språkstøtte frå Språkrådet. No styrkjer vi korrekturlesinga for robotomsette saker, nettopp for å løfte det nynorske språket. Det kan ein jo velje å «embrace» eller ikkje, slik som P3 gjorde i ein tittel på ei sak ein haust. Vi er uansett glade i gode språkdiskusjonar.
I NRK-plakaten står det: «NRKs allmennkringkastingstilbud skal være tilgjengelig for hele befolkningen. NRK skal ta hensyn til funksjonshemmede ved utformingen av sitt tilbud.»
Den syntetiske stemma «Inger» koplar seg inn når vi ikkje er trygge på at heile publikum forstår kva som blir sagt. På TV har vi eigne TV-kanalar for lydtekst, og Inger sikrar at alle kan få med seg det som blir sagt på eit anna språk enn norsk når dei følgjer TV-sendingane. På radio er alle «blinde», og då er det viktig at omsetjinga tekstarane gjer av utanlandsk tale blir lesen opp. «Inger» er altså eit tiltak for tilgjengelegheit. NRK er samd i at stemma til Inger ikkje er god nok, og difor er ei erstatning under arbeid, men er ikkje heilt klar enno.
At fleire no mister arbeid og inntekt utan noka god forklaring, kjenner vi oss ikkje heilt att i, for behova for teksting har endra seg. NRK har ei eiga teksteavdeling og bruker sjølvstendig næringsdrivande til å tekste program på førehand. Over tid har overgangen frå tradisjonell kringkasta TV til strøyming medført eit lågare volum av program som blir teksta på førehand, men det blir større behov for direkteteksting.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.