Spikarsuppa til RemMALAYSIAPer Steinar RundeFosnavågI reiseskildringa frå Malaysia i Dag og Tid 10. mars skriv Håvard Rem at eit besøk i Kuala Lumpur vil overbevise skeptikarar om at muslimske land er bra å bu i. No er hovudstaden kanskje ikkje representat

Publisert

I reiseskildringa frå Malaysia i Dag og Tid 10. mars skriv Håvard Rem at eit besøk i Kuala Lumpur vil overbevise skeptikarar om at muslimske land er bra å bu i. No er hovudstaden kanskje ikkje representativ for resten av landet og slett ikkje for andre muslimske land.

Men har islamsk kultur i det heile teke æra for at Malaysia er relativt velorganisert, rikt og liberalt? Ikkje ifølgje resten av artikkelen. Der nemner Rem desse årsakene til suksessen: britisk statsforfatning frå kolonitida, språkleg og fysisk avstand frå Arabia, søraustasiatisk tradisjon for kvinnearbeid,og kinesisk tiltakslyst, flid og forretningssans. Ingenting av dette handlar om muslimsk kulturpåverknad. Konklusjonen må bli at islam har ytt like lite til resultatet som spikaren til fantens suppe, og at vi lesarane ikkje treng vere like lettlurte som kjerringa i eventyret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement