Spania under borgarskapens diktaturSensurBirger AngvikSpaniaStatsminister Rajoy i Spania har mindretal i parlamentet, og med liten vilje til dialog veit dei ikkje å styre.

«Politiske fangar i Samtids-Spania» av Santiago Sierra frå Madrid.
«Politiske fangar i Samtids-Spania» av Santiago Sierra frå Madrid.
Publisert

Statsminister Rajoy i Spania har mindretal i parlamentet, og med liten vilje til dialog veit dei ikkje å styre. Ley Mordaza (kneblelova) vart innførd i 2015 då han hadde reint fleirtal, og visse borgarar brukar no lova til å melde andre til politi og rettsvesen.

Det hopar seg opp til tider, og den 21. februar inntok sensur nasjonale og internasjonale medium. Kunstmessa i Madrid samla i år 211 galleri frå 29 land til utstilling og sal av kunst. Kunstnaren Santiago Sierra frå Madrid (fødd i 1966) hadde hengt opp arbeidet «Politiske fangar i Samtids-Spania», med fotografi av andletet til 24 slike fangar, der tre politikarar frå Catalonia som sit varetektsfengsla i Madrid, var med. Dei vart for sterk kost for direktøren for messeområdet. Han tok saka i eigne hender, ringde til kunstgalleriet og gav ordre om å demontere verket.

Skandale er eit mildt ord for nasjonale og internasjonale reaksjonar mot slik sensur av kunst. Orly Benzacar, ein utstillar frå Argentina, inkje mindre, sa at han på kunstmesser i heile verda aldri har sett slik «tølparaktig sensur». Bystyret i Madrid, med progressive Manuela Carmena som ordførar, sa seg lei for sensuren, avslo deltaking på opninga av messa og kravde at Sierra måtte få delta.

Direktøren er utnemnd av Den autnome regjeringa i Stor-Madrid, leia av konservative Cristina Cifuentes frå partiet til Rajoy, og ho ville den 22. februar korkje kritisere sensuren eller direktøren ho har utnemnt. Messa gjekk vidare, og Sierra vart kunstnaren alle tala om og støtta i kamp mot sensur.

Nacho Carretero frå Galicia (fødd i 1981), som er bladmann i avisa El País, kom i 2015 med boka Fariña om narkotrafikk mellom andre med PP-politikarar i heimfylket. I januar 2016 vart han og forlaget saksøkte og stemna for retten av ein av dei impliserte, erkekonservative José Alfredo Bea, for bakvasking og ærekrenking, med krav om 500.000 euro i oppreising.

Bea var konservativ ordførar i ein kommune i Galicia. Han vart arrestert for narkohandel og kvitvasking av narkopengar i 1991 og avsett. Den 21. februar dømde ein dommar i Madrid forlaget til inndraging av boka, som no har vorte ein bestseljar, og tiande utgåve på 10.000 eksemplar er riven bort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement