Spaans mot Profil HaugeSverre TusvikOsloEtter 150-årsfeiringa av Det Norske Samlaget, hadde Ronny Spaans i nr. 17 av Dag og Tid eit intervju med forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Innhaldslista i Profil 4/1966.
Innhaldslista i Profil 4/1966.
Publisert

Etter 150-årsfeiringa av Det Norske Samlaget, hadde Ronny Spaans i nr. 17 av Dag og Tid eit intervju med forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Av uforståelege (?) grunnar fann Spaans det viktig å flette inn eit polemisk avsnitt om at «det nemleg ikkje [var] gjennom profilkrinsen Hauge fekk det fyrste møtet med eit litterært miljø». Isolert sett er det greitt at Spaans minner om at Olav H. Hauge var ein av dei som til Samlagets 100-årsjubileum leverte flest gjendiktingar til den mektige antologien Framande dikt frå fire tusen år, redigert av Hartvig Kiran, Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas. Og les ein Hauges dagbøker, får ein skildra korleis Noregs Boklag lenge prøvde nekte Hauge å bidra. Dette er godt skildra av Knut Olav Åmås i Hauge-biografien Mitt liv var draum (2004).

Både hjå Åmås og i Hauges dagbøker kan Spaans lese om kva Hauge tykkjer om dei ulike medlemene av Profil-krinsen, og også om kva tid og korleis Profil-krinsen byrjar sine samtalar med Hauge. I februar 1966 noterer han: «Det er dugande karar som skriv der, eg ser mange av dei skriv i Fossegrimen òg.» Om Spaans nyttar registeret i Hauges dagbøker, vil han sjå at heilt frå 1964 utvekslar Hauge og Einar Økland diktbøker. Tor Obrestad i Profil (der gjekk det på omgang å vere ansvarleg redaktør) skriv til Hauge våren 1966 at dei planlegg ein temabolk med han, og ber om dikt. I hefte 4 1966 skriv Økland om Hauge, og det er også Økland som har bede Johan Tufteland lage Hauge-intervjuet som kjem på trykk i dette Profil-heftet, som altså kom ut to år før 1968.

Fleire stader i Hauge-biografien (spesielt s. 331 ff) skildrar Åmås kva rolle Profil-forfattarane spelte for Hauge i 1960-åra. Likeins refererer Åmås lojalt korleis Erling Lægreid med jamne mellomrom i åra etterpå prøvde å redusere deira rolle. Om Spaans kan godta at Profil-redaksjonen utgjorde eit «litterært miljø», bør han godta at så vel bygdegutane Einar Økland, Paal-Helge Haugen og Tor Obrestad som osloguten Jan Erik Vold alt i 1966 hadde vel så god kontakt med Hauge som den kontakten Kiran, Skard og Moren Vesaas hadde frå 1967. At Halldis Moren Vesaas og Ola Jonsmoen alt i 1960 tok med 20 av Hauges dikt i ein annan stor antologi på Samlaget, har førebels ikkje fått Spaans til å hevde at dei utgjorde det «fyrste litterære miljøet» Hauge møtte.

Arnljot Eggen var den første Oslo-forfattaren som Hauge vart kjend med, og Erling Lægreid skal ha æra for at Hauge fekk møte Halldis og Tarjei på Midtbø. Men om vi skulle freiste å vere meir rause enn Spaans, og mindre opptekne av kven som kom først, kunne vi med belegg i dagbøkene og somme andre kjelder, heller semjast om å liste opp dei mange gode namna som har gjort sitt for å fremje denne forfattarskapen, både før og etter at han fekk kritikarprisen så tidleg som i 1961.

Uansett vil eg med belegg i band 2 og 3 av Hauges dagbøker hevde at Profil-krinsen var det første sentrale litterære miljøet Hauge fekk kontakt med. Alle som har arbeidd med antologiar og i tidsskriftredaksjonar, veit at det oftast går lang tid frå idé til realisering. Arbeidet med dei to store diktantologiane som Samlaget gav ut i 1968, starta i 1966, same året som som Profil sende ut sitt hefte 4 med temabolk om Hauge. Asbjørn Aarnes vedgjekk på sine eldre dagar at han var mellom dei som miskjende Hauge fordi han tykte Profil-krinsen hadde annektert poeten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement