Europaparlamentet kritiserer Israel fordi landet set seg imot ei gransking av korleis det israelske spionsystemet Pegasus kan ha blitt nytta i Spania. Kan henda vil dette endra seg om den spanske regjeringa godkjenner ein palestinsk stat?
Den spanske overgangen frå diktatur til demokrati etter 1975 er blitt sett på som eit mønster for andre land. Men på eitt område var ein langt unna eit farvel med diktaturet, nemleg i rettsvesenet. Her blei vanar frå Franco-diktaturet førte vidare lenge etter 1970-åra. På 2000-talet blei politikken i landet meir og meir rettsleggjord. Til dømes er det organet som styrer det spanske rettsvesenet, CGPJ (Det allmenne rådet for rettsvesenet) i stor grad utnemnd av Kongressen.
Rettsleggjeringa av politikken viste seg på sitt klaraste då det konservative partiet PP (Partido Popular) i 2006 klaga inn grunnlovsframlegget som katalanarane hadde debattert og fått godkjent, først i det regionale katalanske parlamentet og sidan i det spanske parlamentet i Madrid. Sommaren 2010 underkjende den spanske grunnlovsdomstolen 41 av paragrafane.
Dei seinaste åra har ein også tatt i bruk massiv spionasje, ikkje berre mot katalanske politikarar og deira medarbeidarar, men også mange advokatar, journalistar, aktivistar og vanlege yrkesutøvarar. Det finst truleg hundrevis av saker utan rettsleg godkjenning på førehand. Citizen Lab, eit kanadisk laboratorium som har spesialisert seg på cyberspionasje, har i ein forskingsrapport avslørt at den katalanske suverenitetsrørsla har vore under konstant overvaking sidan 2017 ved hjelp av Pegasus-programmet.
Undertrykkinga av den katalanske rørsla har aldri tatt slutt etter Franco-epoken. Lova om offentleg hemmeleghald, som framleis gjeld, går tilbake til diktaturtida i 1968. Rettsleggjeringa av politikken kom klart fram i dagen då ein tidlegare katalansk president, Quim Torra, blei erklært inhabil fordi han nekta å fjerna ein plakat som kravde fridom for dei politiske fangane og for dei som lever i eksil.
Pegasus er eit kontroversielt spionasjesystem utvikla av israelske NSO Group, som også styresmaktene i USA har svartelista. Pegasus kan koplast på mobiltelefonar som ein så kan henta ut informasjon frå. Finske diplomatar er, saman med om lag 60 katalanske politikarar og menneskerettsaktivistar, blitt utsette for slik spionasje. Journalisten Ronan Farrow frå The New Yorker, som står bak avsløringane i det katalanske tilfellet, hevdar at saka syner kor farleg det er å overlata slik overvakingsteknologi til organ som er utan demokratisk kontroll.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.