Solstad teier om maoismens offer
Dag Solstad reflekterer i Dag og tids intervju (20. august) over sitt forhold til maoismen, som framleis ser ut til å vekkja varme kjensler hjå forfattaren. Han vil gjerne verta «hugsa som ein som blei forført av maoismen». Derimot, seier han sjølv, har han ikkje ynskt å studera så nøye drapa på millionar av menneske under denne ideologien eller å gå nærare inn på dette.
Alle gjer feil, og eg vil på ingen måte at tidlegare mistak skal ekskludera eit menneske frå samfunnet, slik moten er no med kanselleringskultur. Det nifse er at Solstad framleis verkar å ha eit så avslappa tilhøve til eit av dei mest grufulle kapitla i moderne historie. For meg er det underleg at nett ein forfattar, ein som brukar det meste av tida si på å reflektera over verda og tilværet, etter eiga utsegn ikkje har sett seg inn i brotsverka til ein ideologi som han sjølv har teke til orde for. Å engasjera seg i politikken, om enn berre med ord, inneber eit ansvar. «Eg reknar med at folk måtte døy i kampen for og mot maoismen», kling då ein smule tynt.
Eg meiner at det er viktig å hugsa på at dei som døydde under Mao, ikkje var abstrakte tal, men ekte menneske – like levende som eg, Solstad eller du som les dette. Lidinga deira er godt dokumentert i tallause bøker. Nokre gamalkommunistar meiner vel at drapa var naudsynte «i den gode saks teneste», men då bør ein seia dette beint fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.