Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»

Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Publisert Sist oppdatert

Sidan det er mange som satsar på eigen solkraftproduksjon, er det vanskeleg å få fram fakta. Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass. I Adresseavisen 2. oktober er det ein artikkel om planane for eit stort solkraftanlegg på Tjuin i Steinkjer. Her er det berekna at det kan bli produsert 1,6 GWt i året. Med denne produksjonen skal Noreg og verda bli spara for utslepp av 718 tonn CO2 kvart år.

Det underlege her er kvifor ikkje journalisten spør om korleis Salmar, NTE og Sunday Power kjem fram til dette talet. Kva energi er det denne solstraumen skal erstatte?

Ser vi på talet 718 tonn per år, betyr det at solstraumen liksom erstattar straum med ein klimafaktor på 450 g CO2/kWt. Dette er om lag som utsleppsfaktoren i Tsjekkia og er ca. 26 gonger høgare enn klimafaktoren på den straumen som er i det norske nettet. Den norske miksen av straum i nettet har ein utsleppsfaktor på 17 g CO2/kWt. Slik narrar solkraftbransjen både Salmar og folk til å tru at dei gjer gode klimatiltak.

For å kome fram til eit slikt tal må ein legge følgande til grunn:

Solcellene har kome ned frå himmelen og blitt til utan produksjon, verken i Noreg eller Kina. (Over 90 prosent av alle solpanel er produsert i Kina). Det kan heller ikkje ha blitt bruka nokon fossil energi til verken transport eller montasje. Altså, dei er ferdig montert utan at nokon fossil energi er blitt bruka.

Slik er det ikkje. Ser ein i rapporten frå FNs klimapanel IPCC, har solstraum ein klimafaktor eller eit utslepp av CO2 på 42 g CO2/kWt. Slik blir det når det innebygde klimaavtrykket blir delt på den energien som er produsert i løpet av levetida. Her kan det reelle talet vere ein god del høgare når ein korrigerer for at Steinkjer er lenger nord og har færre soltimar enn lenger sør.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement