Sokkeldirektoratets pådrivarrolle i oljedebatten er problematisk.
Johan Sverdrup feltsenter.
Foto: Carina Johansen NTB
Sokkeldirektoratet (tidlegare Oljedirektoratet) har hatt suksess med sin siste ressursrapport og utsegna om at «Noreg kan gå glipp av nesten eit heilt oljefond».
E24 skreiv at «Full fart kan gi ’ekstra oljefond’», og Finansavisen skreiv at «forskjellen mellom høg og låg produksjon av olje og gass kan utgjere nesten eit heilt oljefond». Overalt kor eg har vore i det siste, har eg høyrt folk snakke om at «vi kan gå glipp av eit oljefond».
Hovudbodskapen sit, men folk hugsar gjerne ikkje akkurat kva som skulle til for å sikre oss det ekstra oljefondet. Nokre meinte å hugse at det handla om å leite mest mogleg, andre trudde det handla om å hente opp absolutt alt av olje og gass på sokkelen. Oljebransjens organisasjon, Offshore Norge, deltok nyleg på ein klimafrukost og sa (litt upresist) at «Sokkeldirektoratet seier at ein aktiv leitepolitikk vil gi 15.000 milliardar kroner».
Direktoratet har dermed fått det til å framstå som om norske politikarar står ved eit vegskilje og må velje retning: Vegen med oljevenleg politikk og eit ekstra oljefond? Eller vegen der vi går glipp av eit ekstra oljefond?
Dag og Tid er blant dei få som har gått bildet av eit ekstra oljefond etter i saumane. I ein nyheitssak 6. september opplyser avisa, i eit intervju med rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger, om ein heilt sentral føresetnad som direktoratet ikkje informerte om i si pressemelding: I scenarioet der Noreg kan tene 15.000 milliardar ekstra, altså «nesten eit heilt oljefond», føreset det ein svært høg oljepris på 95 dollar fatet heilt fram til 2050. I det lågaste scenarioet, der ein går glipp av eit oljefond, er oljeprisen 45 dollar.
I tillegg er det ei rekkje andre føresetnader som er lagde til grunn i dei ulike «moglegheitsbileta» frå Sokkeldirektoratet. Til dømes føresetnader om mange funn (til dels flaks) i det høge scenarioet, og få funn (til dels uflaks) i det låge scenarioet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.