Snevert om ytringsfridomYtringsfridomOve Bengt BergProfessor Jan Inge Sørbø er i Dag og Tid nr. 33 oppteken av ytringsfridom. Han meiner ytringsfridomen er truga av totalitære ideologiar og av «høgrepopulisme» og «hat». Saman med kritikken av innvandringa
Professor Jan Inge Sørbø er i Dag og Tid nr. 33 oppteken av ytringsfridom. Han meiner ytringsfridomen er truga av totalitære ideologiar og av «høgrepopulisme» og «hat». Saman med kritikken av innvandringa og politisk islam hevdar han at det «godt kan føra til at ytringsrommet blir snevra inn».
Dette er ikkje ein truverdig påstand, då tilhengjarane av innvandring og for framstøytar av ekstreme muslimske skikkar har trygg og god tilgang til og representasjon i alle dei dominerande media, i tillegg til at dei har eigne statsorgan som stør dei. Sørbø ser trugsmål mot ytringsfridomen i Polen og Ungarn, men nemner ikkje norske og vestlege medium i deira politiske kampanjar for Nato, EU, globalisering, mot Russland og Putin og for vestlege krigar. I USA organiserer media seg i sameinte aksjonar for meiningsmonopolet sitt.
Sørbø er oppteken av dei små fiskane, òg omtalte som «troll» og «hatarane». Ikkje av dei som alt har makt over media til å stogga meiningsmotstandarane si ytring. På fleire og fleire universitet i USA krev mange studentar og nokre faglærarar einsretting av politiske meiningar mellom tilsette. Dei kallar ideologien sin «ingen talarstol» (no plattforming) – i namnet til ytringsfridomen. Det er òg framsett slike krav på norske universitet. Antirasistisk Senter krev stansa ytringane til meiningsmotstandarar, ikkje berre under Arendalsveka.
Dag og Tids eigen nett avlidne skribent, Walid al-Kubaisi, tok i 2016 initiativ til eit opprop for ytringsfridom. Sørbø bør lesa det. Det var eit motopprop mot dei som ville kriminalisera religionskritikk, og som i praksis sette likskap mellom kritikk av islam og «hatretorikk».
Kravet om kriminalisering var ein lekk i eit krav frå SN-rådet for menneskerettar, der fleire totalitære regime er med. Regjeringa Stoltenberg fylgde i 2008/2009 opp med eit framlegg til lov som i praksis ville kriminalisera kritikk av islam, men godt var det at Stortinget sa nei til ein slik lov.
7. august i år initierte Facebook-direktør Mark Zuckerberg eit møte om korleis han saman med Google, Apple, Spotify og Youtube skulle sletta kontoane til dei som dei meiner står for mellom anna «konspirasjonsteoriar» og «kommunistisk propaganda».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.