Småpartiknusinga må reverserast

Om ei lokal liste skal stille til val i Oslo no, må dei samle inn kring 5000 underskrifter, éin prosent av dei som har røysterett i kommunen.
Om ei lokal liste skal stille til val i Oslo no, må dei samle inn kring 5000 underskrifter, éin prosent av dei som har røysterett i kommunen. Om ei lokal liste skal stille til val i Oslo no, må dei samle inn kring 5000 underskrifter, éin prosent av dei som har røysterett i kommunen.

«Lokale lister i mange kommunar må no, paradoksalt nok, samle inn fleire underskrifter for å få lov til å stille til val.»

I den nye vallova er det teke inn eit høgst drakonisk underskriftskrav. Tidlegare var 300 underskrifter alltid tilstrekkeleg for å få delta ved kommunevalet. Men om ei lokal liste skal stille til val i Oslo no, må dei samle inn kring 5000 underskrifter, svarande til éin prosent av dei som har røysterett i kommunen. Tilstramminga er formidabel, og kravet vil vere nær sagt umogleg å oppfylle for ferske innbyggjardrivne lister utan eit profesjonelt partiapparat rundt seg. I praksis vil dei riksdekkjande partia, som slepp unna underskriftskravet, få tilnærma «listemonopol» i storbyane.

Bergenslisten i Bergen,Folkets Røst i Lillestrøm og Bymiljølista i Fredrikstad er døme på vellukka lokale «storbylister» som frå neste val vil måtte konkurrere på radikalt andre vilkår enn dei riksdekkjande partia. Slike lister vil no anten måtte leggje inn årene eller, om dei maktar det, øydsle bort store delar av allereie knappe ressursar på ei krevjande underskriftsjakt.

Vallovutvaletføreslo klokleg å vidareføre eit maksimumskrav for signaturar ved kommuneval. Maksimumskravet blei likevel forkasta med ei fullstendig absurd grunngjeving, nemleg at «det bør være like krav for å stille liste i små som i store kommuner» (Innst. 431 L 2022–2023, s. 20). Det må vere tilstrekkeleg å peike på at det sjølvsagt er langt meir krevjande å innhente 5000 underskrifter i Oslo enn 17 i Båtsfjord, og at det neppe kan seiast å gjelde «like krav» når 17 personar er nok til å stille liste i Båtsfjord, medan fire tusen personar vil få listeforslaget sitt kontant refusert i Oslo.

Lokale lister i mange kommunar må no, paradoksalt nok, samle inn fleire underskrifter for å få lov til å stille til val, enn talet på røyster som trengst for å kome inn i kommunestyret. Til dømes vann INP mandat i Lillestrøm med 593 røyster i 2023, medan Folkets Røst må samle inn om lag 720 underskrifter om dei i det heile teke skal få kome på røystesetelen i 2027.

Tilstrammingasynest heller ikkje å svare på eit reelt behov. Det er i alle fall vanskeleg å forstå at mange røystesetlar å velje blant kan utgjere eit problem for demokratiet eller for veljarane. Dei einaste som eventuelt blir råka, er etablerte parti, som møter konkurranse. Denne konkurransen er likevel ein konsekvens av at Noreg har folkestyre.

Verdien det har at «vanlege folk» enkelt kan engasjere seg i lokalpolitikken utanfor dei etablerte partia, må ikkje undervurderast. Sjølv om det vellukka «bompengeopprøret» ved kommunevalet i 2019 nok skaka det etablerte politiske landskapet, så synte det også til fulle at demokratiet fungerer. Bompengemotstandarane fekk ein talarstol og politisk makt som samsvarte med den oppslutnaden dei hadde i folket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement