Beredskap

Småbrukaren som beredskap

Mange av gardsbruka som heldt folk med mat for nokre tiår sidan, er fråflytta. Dette ligg på Ljønes i Bodø kommune.
Publisert Sist oppdatert

Småbrukaren har alltid vore ein del av beredskapen i dette landet – utan at det stod i dokumenta. No opnar det seg eit historisk høve til å tenkje nytt om tryggleik, matforsyning og kva infrastruktur som eigentleg held landet oppe.

Det burde vore hogge i stein. At du alltid veit kvar maten kjem frå. At landet ditt kan livnære deg. At det finst folk i bygdene når det trengst. Vi trudde det var sjølvsagt. Men det var det ikkje. Ikkje eingong desse sanningane står fast i berget lenger.

No har Norske Kvinners Sanitetsforening fått gjennomslag i Stortinget: Det skal kartleggjast kva beredskapsressursar kommunane eigentleg har. Kven som gjer kva. Kor dei finst. Kor mange dei er. Og kva dei kan bidra med dersom krisa kjem.

Det handlar om å vite kvar ein finn hus med varme og vatn. Kven som kan lage mat. Kven som har kunnskap om stell og omsorg. Og kanskje – ein dag – kven som veit korleis ein saltar kjøt og kokar kraft på mergbein.

Dette er ikkje berre eit vedtak. Det er ei opning. Ein historisk sjanse til å teikne Noreg på nytt – med småbrukaren tilbake på kartet.

Det har dukka opp nye ord: prepparar, beredskapslager, marknadshagar. Fleire dyrkar, set potet og fyller pallekarmar. Det gir mat i sesong og ei kjensle av meistring. Men kven tek vare på maten utan straum? Kven kan slakte og ta hand om dyr utan moderne fasilitetar? Kven veit korleis ein saltar, tørkar, røyker og lagrar mat?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement