Slutt for portugisisk i Noreg?UtdanningJan Som einaste universitet i landet tilbyr Universitetet i Oslo (UiO) undervisning i portugisisk, eit av dei språka som flest taler i verda. Men nå går det mot avvikling, medan regjering og næringsliv ønskjer seg fle
Heile prosessen med å avvikle undervisninga i portugisisk ved Universitetet i Oslo er ein parodi på akademisk sjølvstyre, og held ein fram slik, kjem dei fleste framandspråk før eller seinare til å møte den same lagnaden, skriv Jan Engh.
Foto: Wikimedia Commons
Som einaste universitet i landet tilbyr Universitetet i Oslo (UiO) undervisning i portugisisk, eit av dei språka som flest taler i verda. Men nå går det mot avvikling, medan regjering og næringsliv ønskjer seg fleire som kan språket, og kulturlivet kunne trenge det. Instituttleiinga brukar faget som salderingspost – med støtte frå fakultetsleiinga – medan rektor tykkjer at alt er i orden. Den same lagnaden kan fort verte andre «små» framandspråk til del, og ein kan lure på kven det eigentleg er som skal avgjere kva slags framandspråk vi skal kunne her i landet.
For femti år sidan tok Noreg seg råd til å byggje opp portugisisk som fag ved UiO. Fire–fem personar var tilsette i full stilling i tillegg til hjelpelærarar. Formålet var praktisk nytte, men samtidig opning mot skjønnlitteratur på eit verdsspråk.
Som fag høyrer portugisisk inn under Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS), ei samling ganske ulike fag, og nå har leiinga avgjort at årseining og bachelor i portugisisk skal leggjast ned.
Avviklinga av faget har skjedd gradvis. Nå finns det berre ein vitskapleg tilsett att i heil stilling, etter at professoren i litteratur slutta i 2011. Studentane fekk berre bod om å dra til Brasil eller Portugal for å få seg undervisning i litteratur. Ei misforstått form for «internasjonalisering». Det er klårt at opphald i eit land der ein talar språket, høyrer med, men ein får ikkje den litteraturundervisninga norske bachelorstudentar treng der.
Studentane fekk først vite dette etter å ha begynt på studiet. Det var eit brot på føresetnadene og spreidde inntrykk av at faget var uføreseieleg. Samstundes vart Latin-Amerika-studiet nedlagt. Resultatet: færre studentar. Og det brukte ein som grunngiving for å avvikle bachelorstudiet. Ein «produserte» for få studiepoeng, og det var for få som «gjennomførte».
Men dette er ein situasjon som leiinga ved ILOS har skapt. I staden burde ho ha prøvd å få til ei betre finansieringsordning, slik Stortingsmelding 25 (2016–2017) Humaniora i Norge legg opp til. Men framfor alt burde leiinga ha gjort sitt for å få fleire til å ta faget. I tråd med ønske i Stortingsmelding 25: «De økte kontaktene med Brasil kan tilsi en sterkere satsing på portugisisk.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.