Slingsby på Bergsfjellet i VangFjellSverre Thune HønefossFjellklatraren og forfattaren William Cecil Slingsby (1849–1929) ferdast i dei norske fjella mellom 1872 og 1921 og kleiv opp på mange fjell. Jan Schwarzott har revidert Slingsby si bok
Fjellklatraren og forfattaren William Cecil Slingsby (1849–1929) ferdast i dei norske fjella mellom 1872 og 1921 og kleiv opp på mange fjell. Jan Schwarzott har revidert Slingsby si bok Norge – den nordlige arena. Sju år tok det. Eg tenkte at det kunne vera artig å kikke på denne boka som det låg så mykje arbeid attom. Slingsby – var det ikkje han som klatra i Store Skagastølstind? tenkte eg. Det var mitt kjennskap til den karen.
Slingsby ferdast nok over store delar av Noreg og var oppe på mange fjell på turane sine. Norge – den nordlige arena inneheld skildringar av det han opplevde. Slingsby var òg ein tur i Vang i Valdres. I lag med venene sine gjekk han opp på Bergsfjellet i Vang. Særleg imponert vart han over utsikten frå fjelltoppen Skjold (1577 moh.). Dei starta i Lærdal og gjekk opp på Okken (1679 moh.) ved Husum og Stogonosi (1435 moh.) ved Nystøga på Filefjell. Deretter tok dei inn på eit «idyllisk lite gjestgiveri ved stranden av Vangsmjøse» og budde der nokre dagar. Der vart dei «lokket av et fjellmassiv som tårnet seg opp over garden Berge og den fagre innsjøen nedenfor». Dei gjekk oppover marka i ei frodig bjørkeskråning, som førte opp til eit fjellbeite, der det vaks kristtorn, bregnar og langstilka kvit ranunkel i store mengder mellom steinane. Dei gjekk over glimmerknausar og snøfenner, opp gjennom ei stutt og bratt kløft og ein brei høgderygg, der dei fann eit mosegrodd skjelett av eit reinsdyr under ein heller. Tre timar i høgt tempo tok turen opp til Skjold.
Utsikten frå Skjold var den mest varierte Slingsby hadde opplevd i Noreg. Det seier ikkje lite, so mange fjell han hadde vore på. Han stod i fleire timar og kunne ikkje sjå seg mett på utsynet frå Skjold. Nesten fem mil borte heva Hurrungane seg til vêrs over Koldedalstindane. Urdanostinden, som snudde den smale enden til, teikna seg i skarp profil. Dei snøkledde toppane nord for Bygdin lét seg forgylle i dei vakraste nyansar under solnedgangen. «– da aftenrøden bød fargene senke seg mot blek purpur og isgrønt mørke, fikk de barske majestetene som mine venner og jeg senere skulle oppsøke, et slags ulmende preg av noli me tangere (rør meg ikke) hvilket naturligvis virket uimotståelig dragende på en kar som meg. Tinderad etter tinderad dukket nå frem, smykket med dunlette slør av skyer. Og over dem alle hevet seg den kyske Skagastølstind, og mer enn noen gang tapte jeg mitt hjerte til henne. Tusen meter rett under meg lå en av Norges vakreste innsjøer, og i sør foldet Valdres ut sitt stemningsfulle alveland. Slik skjønnhet unndrar seg rekkevidde for min profane penn.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.