Slepp kommunane laus, det er haust!ReformJohan-Kristian TønderDei fleste av oppgåvene kommunane har fått dei siste 20–30 åra, er pålegg frå Staten. Det er fordi Stortinget ønsker at ytingane som blir gitt innbyggarane på dei ulike velferdstiltaka, og vilkå

Publisert

Dei fleste av oppgåvene kommunane har fått dei siste 20–30 åra, er pålegg frå Staten. Det er fordi Stortinget ønsker at ytingane som blir gitt innbyggarane på dei ulike velferdstiltaka, og vilkåra for å få desse ytingane, skal vere like over heile landet. (Utdanningssektoren er eitt av mange eksempel.) Staten reknar ut kor mykje dei meinar vedtaket vil koste kvar kommune, og så blir pengane og pålegget om å gjere jobben, sende til dei. Dermed er det kommunepolitikarane som blir ansvarlege for gjennomføringa av dei ulike velferdstiltaka staten vedtar, og ikkje staten si utøvande makt, Regjeringa. Det gjeld enten pengane strekk til eller ikkje for den einskilde kommune.

Det kostar staten mange pengar å la kommunane gjennomføre ønsket om like velferdsgode over heile landet. For mange, meiner staten. Og staten har stor tru på at stordrift får desse kostnadene ned. Derfor vil dei ha store og «robuste» kommunar som kan gjere desse tenestene meir effektivt og billegare enn det kommunane kan med dagens kommunestruktur. Det ser ut til at staten har det same synet på strukturen når det gjeld fylkeskommunane.

Kanskje staten skulle tenke nytt? Dersom Stortinget ønsker like velferdsvilkår over heile landet, er det vel like greitt at staten sjølv driv desse velferdstiltaka etter den modellen dei meiner er mest effektiv? Kort sagt: Når staten vil ha same standard over heile landet, bør det vere staten sitt ansvar å gjennomføre ordninga. Da blir det staten sitt utøvande organ, Regjeringa, som blir ansvarleg for gjennomføringa, og ikkje politikarane i kvar kommune.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement