Skyssbåten til Borgøy
«Me skal fortsetje dialogen om ei framtidig, varig løysing for Borgøy også viss enkelte partar ser ut til å trekke seg no», skriv leiar for samferdsleutvalet i Rogaland fylkeskommune.
Foto: Håvard Rem
I Dag og Tid førre veke stod det både i leiaren og reportasjen til Håvard Rem om skyssbåten til Borgøy som hadde siste avgang 30. juni. Rogaland fylkeskommune er i dialog med Tysvær kommune om korleis eit framtidig skysstilbod til Borgøy kan sjå ut.
Dermed held me fram prosessen rundt hurtigbåttilbodet i Rogaland og Ryfylkebassenget.
På vegner av Rogaland fylkeskommune har eg søkt dialog for å finne fram til den beste løysinga for vidare drift av eit leveleg båttilbod i Rogaland og Ryfylkebassenget. Fylkestinget fatta medio juni vedtak basert på innbyggjarane sitt eige forslag til ruteplan. Berre eitt parti hadde kopla seg av dialogen litt for tidleg, men gav tilbakemelding om at også dei eigentleg kunne vore med på sluttresultatet. Når utfallet er eit tverrpolitisk vedtak med 44 av 47 stemmer etter ein lang og god prosess i mange rundar, vil eg påstå at ein har lukkast med dialogen. Og dialogen held fram.
Båttilbodet er livsnerven til mange utan fastlandssamband eller med eit avgrensa og til dels rasutsett vegnett. Denne erkjenninga er grunnen til at politikarane i fylket ønskjer eit godt båttilbod og brukte mykje tid på denne prosessen.
Fylkeskommunen er svært hardt pressa økonomisk. Endringar i tildelingskriteria til drift av båt har medført ei halvering av midlar til føremålet for Rogaland. Den nyleg vedtekne justeringa gjer at underfinansieringa av dagens drift er redusert frå drygt 90 millionar til 60 millionar årleg.
Det er openbert ikkje økonomisk handlingsrom for fylkeskommunen til å auke sitt økonomiske bidrag verken totalt eller for delar av tilbodet. Det blei jobba hardt og godt med å spare driftskostnader ved å justere dagens tilbod på ein måte som ikkje reduserer tenesta vesentleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.