Skulepolitikken – kunnskapsløft eller kunnskapsfall?

Publisert Sist oppdatert

«Pisa-sjokket» blir kopla til norske 15-åringars resultat på Pisa-undersøkingane (2003 og 2006) – der Noreg i 2006 skåra dårlegast av dei nordiske landa, jf. Frida Gullestads artikkel i Klassekampen 25. mai. Undersøkinga måler 15-åringane sin kompetanse i lesing, matematikk og naturfag. Resultata var ein viktig grunn til at «Kunnskapsløftet» som skulereform vart iverksett med kunnskapsminister Kristin Clemet som viktig entreprenør, i 2006. Reforma vart følgd opp vidare både av Stoltenberg-regjeringane og av Solberg-regjeringane frå 2013. Vart «sjokket» reparert gjennom denne reforma?

Solberg lovde i 2013 at resultata skulle betrast dersom dei kom til makta.

Siste Pisa-undersøking vart gjennomført i 2018. Noreg ligg 12–15 år etter sjokket på same låge nivå. Og ikkje berre det, 7,9 prosent av dei norske 15-åringane er unntatt Pisa-testen, over godtatt grense på 5 prosent, tre gonger så mange som i 2003. Resultata i 2018 er derfor enda lågare enn i 2003 og 2006. Politikarar i regjering snakkar lite om det.

Eg tek ikkje stilling til om Pisa-undersøkinga faktisk er eit godt mål på kunnskapsnivået blant norske elevar, men vil trekke fram nokre andre mål som kan ha ein samanheng med ei slik, for mange kanskje uventa, utvikling. Det gjeld særleg norske elevars motivasjon, stressnivå og psykiske helse. Ulike undersøkingar viser her ei utvikling som vekker uro.

«Elevundersøkelsen» er gjennomført på landsbasis gjennom mange år med relativt god svarprosent blant elevar frå 5. klasse i grunnskulen og opp til vg3. Resultata er presenterte i Utdanning nr. 6/7 i år (Waksvik m.fl.). Hovudfunnet er at elevane sin motivasjon for skulearbeidet er klart fallande frå 2011 til 2019, på alle trinn – og at motivasjonen er svakast på dei høgste trinna. For 5. klasse fell motivasjonen frå 4,4 til 3,9 på ein skala frå 1–5 frå 2011 til 2019. Utviklinga for dei andre trinna går i same retning.

Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) i Bergen undersøker stressnivået blant elevane som del av ei WHO-undersøking i fleire land (Hevas). På spørsmålet, «Hvor stresset blir du av skolearbeidet (både arbeidet du skal gjøre på skolen og lekser)?», blei det registrert ein sterk auke i svara «ganske mye» eller «svært mye» i perioden 1993 til 2018, særleg frå rundt 2000, for vg1 frå 37 til 67 prosent, omtrent lik auke for 10. klasse, frå 16 til 48 prosent for 8. klasse og frå 12 til 22 prosent for 6. klasse. Stadig fleire elevar melder om ein stressande skulekvardag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement