Skuffande å miste sjølvstendePolitikkRolf TorvundLeikangerDet ser for meg ut som den norske styresmakta har gløymt kven dei er valde for å tene. Dei er ikkje valde av oss for tene EU, men likevel ser me at Solberg og co. ikkje eingong sel, men gir EU styri
Det ser for meg ut som den norske styresmakta har gløymt kven dei er valde for å tene. Dei er ikkje valde av oss for tene EU, men likevel ser me at Solberg og co. ikkje eingong sel, men gir EU styring og makt over norske interesser, for eksempel Acer. Til gjengjeld får me reglar og direktiv frå EU som me må følgje, reglar som passar EU og ikkje Noreg. Det er trist og skuffande for oss å miste sjølvstende. For oss som tenkjer på framtida, er det etter mi meining dårleg styring. Det gjeld også forsvarspolitikken. Kan ikkje Solberg og co. prøve å løyse problem og ugreie? For meg ser det ut som dei har mista evna til å løyse konfliktar. Kan det vere at EU, Nato eller USA skal seie kva Solberg eller Eriksen skal meine? Kan hende ei oppheving av sanksjonane mot Russland vil verke positivt. Kanskje me då fekk meir handel, betre forhold og meir samarbeid med naboen vår.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.