Skrantesjuke og kunnskapsløyseReinJohan Vaa Rauland I Dag og Tid for 23. mars skriv Jan Berstad om det fyrste temaet, skrantesjuke, på ein måte som gjer at assosiasjonen til det andre ordet i tittelen, kunnskapsløyse, kjem lett. Ein fin tittel (dr.med.) er
I Dag og Tid for 23. mars skriv Jan Berstad om det fyrste temaet, skrantesjuke, på ein måte som gjer at assosiasjonen til det andre ordet i tittelen, kunnskapsløyse, kjem lett. Ein fin tittel (dr.med.) er ingen garanti for realkunnskap – då visst ikkje på andre fagområde enn sitt eige.
Om «motstanden»: Både villreinutval (grunneigarinteressene) og villreinnemnd (lokale folkevalde) aksepterte at ei sanering måtte skje, men var skeptiske til tidsplanen. Ein ynskte at nedskjotinga kunne skje over fleire sesongar. At meiningsskilnad og ein viss skepsis finst, er naturleg, men det er ikkje slik som Berstad gjev inntrykk av – at dette tiltaket var noko sentrale styresmakter sette i gang på tvers av lokale interesser.
Ein skulle gjerne hatt meir kunnskap, men ut frå røynslene i Nord-Amerika er worst case-scenariet: Sjukdomen vil spreie seg til andre villreinbestandar (og tamrein), og hoppe over til andre hjortedyr. Ein årleg reduksjon i bestandane (utan jakt) på 10 prosent er pårekneleg. Rådet frå Amerika er: Har de få sjuke individ i eit avgrensa område, kan det vera von om å stoppe sjukdomen ved sanering og brakklegging. Det er den løysinga som er vald – om ein lukkast, vil framtida vise.
Alternativet – vente og sjå – ville gjeve auka omfang av sjukdomen, og ingen ting å hauste. Etter ein del generasjonar ville ein truleg få arveleg immunitet hjå ein del individ. I eit evolusjonshistorisk perspektiv kan ein såleis meine at sjukdomen vil vera ein parentes, men slike tidshorisontar er lite trivelege for den som vil ha jaktbart vilt i si levetid.
Så til dei konkrete mistaka Berstad målber: «ikkje har lukkast tidlegare, sjølv ikkje hos sau der flokken er samla i same fjøs». Smittsam skrapesjuke (som eg går ut frå Berstad meiner) er så å seia ikkje-eksisterande, nettopp på grunn av hardhendte saneringstiltak, fortel Mattilsynet.
Litt om geografien, sjå kart: Nordfjella er dela i tvo soner, sone 1 millom Hol og Hemsedal, og sone 2, millom Hol og Bergensbanen. Sør for sone 2 høyrer området administrativt til Hardangervidda. Trekk millom sone 1 og 2 er sporadiske. Bergensbanen var òg lenge ei effektiv trekksperre, men nye tunellar har gjort at dyr frå sone 2 trekkjer ned på Hardangervidda, det som ligg nord for riksveg 7 (som òg er ei trekksperre). Når Berstad snakkar om «å etablere villrein også i området mellom Hardangervidda og Nordfjella», blir det heilt meiningslaust – der er villrein i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.