Ordskifte
Skotet som gjekk i mål
« Bruk og relevans av læremiddel må me forske meir på », skriv Erling Charles Olsen i Dag og Tid 30. januar. Innlegget hans er ein kommentar til eit tidlegare stykke i same avis om mangelen på konsentrasjon og motivasjon hjå elevane i skulen.
Då han underviste i engelsk i køyretøyklassen ved den vidaregåande skulen der han tidlegare var tilsett, merka han at bilelevane sin motivasjon for å lesa det «klassiske» engelskpensumet var lik null. Men etter å ha fått tilsendt eit klassesett med bilrelevante lærebøker fekk han fart på elevane frå fyrste time.
Eg hugsar ikkje heilt om eg fann det tradisjonelle engelskpensumet på ungdomsskulen motiverande eller ikkje. Men læraren min, fru Murphy som vi kalla henne – ho heiter Gunn til fornamn – forstod betre enn nokon at skulle ho få meg og andre av gutane i klassen til å like engelsk, var det sikkert noko anna ho kunne ty til enn dei tradisjonelle bøkene. Så me fekk lesa fotballblada Shoot og Goal i staden – og jammen gjekk ikkje det skotet i mål!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.