Skogbruk

Skogbruket og ei bandsag

Planting på garden Gjerdåker på 1950-talet.
Publisert

Det var tankevekkjande å lesa artikkelen til Svein Gjerdåker i Dag og Tid den 19. desember om skogbruksdrift og ei lita bandsag. Me hadde store vyar for den nye skogen som skulle veksa opp og skogkleda Vestlandet. Landet skulle få trevyrke, lokalsamfunn og bønder skulle få nye inntekter. Vart den store innsatsen slik me hadde vona og tenkt?

Då Stortinget vedtok storstilt skogplanting på Vestlandet i 1950, var tanken å få i gang ein storfelt nasjonal dugnad, ei langsiktig investering for neste generasjon og ei god biinntekt til det vanlege jordbruket. For å få bønder og grunneigarar motiverte gjekk staten inn med 65 prosent av kostnaden, fylket med 5 prosent og kommunen med 20 prosent. Det vart såleis ein svært overkomeleg kostnad for dei som eigde gard og grunn.

Det førte til stor oppslutnad og entusiasme. Arbeidet skulle administrerast på kommunalt nivå, og i 1953 var dei fleste kommunar i gang. Dei skulle velja skogreisingsnemnder, tilsetja skogbruksutdanna leiarar, arbeida ut planar, skaffa utstyr og få arbeidet i gang. Kvart fylke skulle ha fylkesskogmeister.

Eg kom med i den fyrste skogreisingsnemnda i Ullensvang, kommunen min, og gjekk inn for arbeidet med iver og glød. I dette store nasjonale prosjektet skulle det plantast 5 millionar dekar. Det høyrest mykje ut, men det utgjer ikkje meir enn ein tredel av den totale utmarka, og det skulle såleis vera nok att til det biologiske mangfaldet.

Ein må vera klår over at samstundes med at dette store skogreisingsprosjektet kom i gang, fekk ein òg store endringar i jordbruket. Hundrevis av fjellstølar og liastølar blei nedlagde, det same med utslåttar og utmarksbeite. Storfe fekk kulturbeite på heimebøen, og dei vart sterkt reduserte i fleire kommunar. I Ullensvang, lenge kalla Noregs frukthage, stod ein framfor sanering og omlegging av gamle frukthagar. Det vart både prøving og feiling med nye sortar som ikkje alltid heldt mål. Slik var det òg i skogplantinga. Sitka vart ikkje planta i indre strøk, douglas og hemlokk berre på mindre areal. Det viste seg at vanleg norsk gran var det rette i vestnorske lier.

Det gamle skogsarbeidet med hest, spett og handemakt var tungt arbeid, som eg fekk røyna då eg som ung hjelpte far med tømmerhogst. Me som planta den nye skogen, hadde ikkje tanke for den dagen den skulle hoggast. Det fekk vera ei sut for neste generasjon. Eg er redd for at delar av skogen me planta, ville rotna på rot utan dei tekniske hjelpemidla ein i dag har i skogbruket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement