Skivebom frå HustadPlastPer Bjørn TrondheimBrenn plasten! Dette er bodskapen til Jon Hustad. For om ein brenner plasten, får vi energi. Og da så… Ja, meir enn det; han framstiller det som om plasten i hovudsak er noko positivt. Det fører for langt å gå inn

Publisert

Brenn plasten! Dette er bodskapen til Jon Hustad. For om ein brenner plasten, får vi energi. Og da så… Ja, meir enn det; han framstiller det som om plasten i hovudsak er noko positivt. Det fører for langt å gå inn på alt han seier, for det er litt ei samling med påstandar han kjem med, basert på einsidige og delvis misforståtte referansar.

Hustad fokuserer på behandling av plasten som avfall. Til vanleg skil vi mellom deponi (søppelfylling) – energigjenvinning (søppelforbrenning) – materialgjenvinning eller resirkulering (der ein lagar ny flaske av innsamla plast) og gjenbruk (der ein bruker plastflaska på nytt). Miljøproblem knytt til desse alternativa aukar i skalaen frå gjenbruk til deponi. I fysisk forstand aukar entropien langs same skala – energien og materiala blir mindre og mindre tilgjengelege for ny bruk, med stadig større kostnader – og minkar i motsett retning. For kvart nytt alternativ i negativ retning får vi ein ekstra runde med innsatsfaktorar og teknologiske kostnader. Les Nicholas Georgescu-Roegen: The Entropy Law and the Economic Process. Eller vår eigen Trygve Haavelmo, internasjonal prisvinnar i økonomi.

Deponi er vi i ferd med å fase ut, men energigjenvinning er ikkje mykje betre; også her må alt lagast på nytt, og kostnadene ved dette overser Hustad fullstendig, han er berre opptatt av at forbrenninga gir mindre utslepp enn før og at materialgjenvinning krev energi. Til det siste: Han ser bort frå den ekstra runden i produksjonen energigjenvinning inneber i forhold til materialgjenvinning. Som på si side utgjer ein runde meir enn gjenbruk, som Hustad berre raljerer med som alternativ.

Eit hovudpoeng hos Georgescu-Roegen er at all omsetning av energi og materialar har kostnader, økologiske og økonomiske, men større for nokre energi- og materialformer enn for andre, og større ved nokre former for avfallshandtering enn for andre. Hustad peikar nettopp på kostnadene, men berre når det passar inn i hans resonnement: Det lønner seg å brenne avfallet. Da gjeld det derimot å få mest mogleg inn i omnane, for elles må ein supplere med olje. Det same argumentet vart ein gong brukt om papir: dersom det gjekk til materialgjenvinning (og ikkje til energigjenvinning), måtte omnane stenge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement