Skapinga som mysterium
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Andreas Skartveit sin artikkel om «Verda som mysterium» i Dag og Tid 14. januar nemner den jødiske/kristne skapingssoga. Ho står ribba tilbake etter at framstormande vitskapar har gått laus på henne dei siste hundreåra, les me.
Skartveit siktar truleg til Første Mosebok og skapingstekstane der. Der er det ikkje berre éi, men to skapingssoger. Dei er ikkje blitt til i same omgangen, men dei er plasserte i hop. Då det skjedde, var det for å uttrykkja at forfattarane i grunnen ikkje visste korleis skapinga skjedde. Skapinga er eit mysterium.
Den første forteljinga finst i det første kapittelet og i dei første tre versa av kapittel to. Der skaper Gud verda på seks dagar, og på den sjuande dagen er det kvile, sabbat. Dette er bakgrunnen for vekerekninga med ein kviledag, som er unik. Skapinga av mennesket er framheva, saman med sabbaten. Heile forteljinga er rytmisk, poetisk, og systematisk bygd.
Den andre forteljinga startar i fjerde verset i kapittel to og går heilt ut kapittel tre. Ho startar på null, som om det ikkje fanst menneske, dyr, fuglar eller tre frå før, og aukar i dramatikk. Dermed er det full kollisjon mellom dei to sogene.
Denne forteljinga skildrar skapinga av mannen, dyra og fuglane, og kvinna. Dei er plasserte i ein hage i Eden, men der skjer berre éi hending før dei blir drivne ut. Menneska et av kunnskapens tre, får ymse straffer for det, og blir jaga ut. Etter ein dag i paradis startar livet i verda: barnefødsel, brodermord, fredløyse.
Det er stadig ein diskusjon mellom forskarane om kva for ei forteljing som er eldst. Uansett er det to forteljingar som ikkje kan sameinast. På den måten seier dei at ingen av dei fortel korleis skapinga skjedde.
Den andre forteljinga er bygd på litterære mønster frå Egypt og Babylonia. Ho brukar stilen «Då enno ikkje…», mellom anna kjend frå det babylonske eposet Enuma Elish. Men ho dreier seg om frukttabben (det var ikkje eit eple) og fylgjene av han, og det er nytt. Den fyrste forteljinga slår opp det store format: I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Denne forteljingsmetoden er det ikkje funne parallellar til.
Då desse to forteljingane vart plasserte saman, fekk dei ein liten notis som avslutning på den første: Dette er genealogien til himmel og jord då dei vart skapte, 2,4a. Det vil seia at her sluttar den første forteljinga, før den andre tek til. Heile vers 4 er diverre feilomsett i Bibel 2011, slik at norske lesarar går glipp av poenget.
Det var ikkje framstormande vitskapar som førte til at Bibelens framstilling av skapinga i dag stort sett ikkje blir tatt bokstavleg. Redaktøren av dei tre første kapitla i Bibelen ville få fram dette. Me kan gå ut frå at han levde 400–500 f. Kr. Seinare lesarar har diverre glatta over det poenget, slik som Bibel 2011. Det er synd, ettersom Bibelen framstiller skapinga som eit mysterium. Og det er jo heilt moderne, ifylgje Skartveit.