Skandale
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid nr. 42 for 2015 skreiv Svein Gjerdåker ein god leiar, «Dei manglande røystene», der han etterlyste kritiske innvendingar mot den rådande innvandrings- og flyktningpolitikken. Dei var det mange av på den tida på grunn av høg innvandring, men det er framleis ein del att. Dei vil lite gjerne uttale seg fordi dei då lett blir stempla som islamofobar og framandhatarar.
Det har eg opplevd sjølv, endå om eg stemmer på Raja. «Det er ein feig posisjon, men nokså utbreidd», skreiv Gjerdåker. Konklusjonen hans var: «Eit manglande breitt ordskifte vil dessutan svekkja kunnskapen vår om kva som er god og dårleg politikk, og vi vil til slutt handla på sviktande grunnlag.» Det hadde han heilt rett i. Kva han meiner nå, veit eg ikkje. Kanskje bør han skrive ein ny leiar?
Eg tok leiaren hans på alvor og skreiv eit innlegg, «Muhammed», om kven han eigentleg var, ifølgje bøkene til Hamed Abdel-Samad, imamson frå Egypt, fråfallen islambror og religionsforskar i Tyskland. Gode kjelder, skulle ein tru. Resultat: Kontant avslag, og det forstår eg godt når eg nå les det om att. Både Gjerdåker og eg måtte truleg ha hatt politivakt døgnet rundt etterpå om det hadde blitt tatt inn. Det forbausa meg likevel at eg ikkje kunne registrere eit einaste innlegg av andre heller av det slaget Gjerdåker etterlyste. Kan det vere at han også blei feig?
Ein som ikkje er feig, er Hege Storhaug. Nå er organisasjonen hennar i ferd med å miste den offentlege økonomiske støtta han til nå har fått, medan alskens rare livssynsorganisasjonar framleis skal støttast. Det er ein skandale og ikkje til å tru!
Eg går slett ikkje god for alt ho gjer og meiner. For meg tel det mest at ho er på linje med det den tidlegare ambassadøren vår i Saudi-Arabia, Carl Schiøtz Wibye, skriv om i boka Terrorens rike. Hvordan en voldelig sekt fra den arabiske ørken radikaliserte islam. Der fortel han mellom anna om korleis Saudi-Arabia, saman med Iran og Tyrkia, med alle middel, psykologiske, politiske, økonomiske, valdelege og ikkje minst trugsmål om vald, prøver å påverke opinionen i Europa. Det er det eit altfor lågt bevisstheitsnivå på her i landet, og nå vil det truleg bli endå lågare. Om dette er bakgrunnen for at Hege Storhaug mister den økonomiske støtta, veit eg ikkje, men eg skulle gjerne visst korleis det gjekk til. Eg er i alle fall i ferd med å miste det vesle av det eg framleis har att av respekt for norske politikarar (med nokre unnatak).