I slutten av oktober rømde 35.000 oppdrettslaks frå eit anlegg i Vadheimsfjorden i Sogn. NRK Vestland fortel at ein del av den rømde fisken vart fanga i mange av elvane som renn ut i Sognefjorden.
Over 100 gjenfanga laks vart analyserte for sjukdom, og det synte seg at tilnærma alle fiskane hadde alvorlege og dødelege sjukdomar.
Analysane viste at oppdrettslaksen hadde pankreassjukdom (PD), hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV) og piscint myokardittvirus (PMCV). Vi får vite at fisk som har pankreassjukdom, døyr etter 2–3 veker.
Laksane som «rømde» frå Aller Aqua sitt anlegg i Vadheimsfjorden, skulle slaktast der.
Dei ansvarleg ved Aller Aqua opplyser at den frykta laksesjukdomen PD ikkje var påvist i merden som fisken rømde frå.
Det kan ikkje herske særleg tvil om at når all analysert laks har slike dødelege sjukdomar, så står det like ille til med fisken som ikkje rømde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.