Sjørøveriet
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Andreas Skartveit skreiv i Dag og Tid 26. november om sjørøveriet. Barbareskstatane, Marokko, Algerie, Tunis og Libya var den einaste staden der kvite folk vart haldne som slavar i noko omfang.
Mange land var plaga av sjørøveriet i Middelhavet og freista å senda orlogsskip, utan at dette hadde nokon verknad. Danmark-Noreg gjorde i 1746 ein traktat med Algerie der me betalte ei avgift for fritt leide for våre skip. Og løysepengar for å få fri fangar. Etter et par tiår var sjørøvarane i gang att som før.
Mange var opprørte over dette. I England sende ei foreining ein aktivist til Wienerkongressen i 1814 for å driva lobbyverksemd for å få gjort noko. Utan hell.
Den nye staten, USA, ville ikkje finna seg i dette. Dei sa nei til å betala tributt og til å betala løysepengar for å få fri fangar. At amerikanske sjøfolk vart tekne til fange, var medverkande til at den amerikanske marinen vart skipa i 1794.
I 1805 gjekk US Marines inn i Egypt og derfrå til Tripoli, der dei tvinga Tunis til å sleppa fri slavar og gjera fred. Dei første orda i songen til det amerikanske marinekorpset peikar til denne hendinga: «From the halls of Montezuma to the shores of Tripoli.»
Tripoli braut avtalen, og i 1815 sende USA ein flotilje til Tunis og lukkast med å få sleppt laus fangar, mellom anna danske. I Alger fekk den lokale bey tre timars frist til å sleppa fri fangar og betala skadebot.
No meinte sjømakta England at dei måtte gjera noko sjølve. I 1816 segla admiral Lord Exmouth med ein godt førebudd flåte, nokre av fartya var hollandske, til Algerie. Han la seg til i hamna i Alger og venta til han vart provosert av fortet der. Han bombarderte fortet, dei algeriske fartøya og byen. Mellom 5000 og 8000 algeriarar mista livet, og så godt som alle hus i byen vart øydelagde.
I 1830 vart Algerie hærteke av Frankrike, og det vart slutt på sjørøveriet.