Sjølvkritikk om antisemittisme
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Elise B. Berggren tek i ein samtale med Jan H. Landro sjølvkritikk for at ho saman med medforfattarane Bjarte Bruland og Mats Tangestuen i boka Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? ikkje stadfesta at Arvid Brodersen var antisemitt i 1933.
Det kan vere på sin plass å repetere bakgrunn for og nokre konsekvensar av denne sjølvkritikken. Dei tre historikarane kritiserte i si bok Marte Michelet for at ho ikkje hadde lese fire artiklar Brodersen skreiv i mai/juni 1933 om «Den nationalsocialistiske revolution og de tyske jøder» i trondheimsavisa Dagsposten.
I si bok bruker dei desse artiklane som prov på at sosiologen Arvid Brodersen (1904–1996) ikkje var antisemitt. No er det ikkje berre slik at dei tre historikarane meiner at artiklane frikjenner Arvid Brodersen for antisemittisme, dei meiner også at artiklane viser at Brodersen før dei aller fleste uttrykte bekymring for lagnaden til jødane etter Hitlers maktovertaking, og går langt i å gjere han til ein varslar om det som skulle skje.
Eit døme frå artiklane kan høve som eksempel på stil og tone hos Brodersen i 1933: Han skisserer ei politisk løysing for dei nye styresmaktene i Berlin: «Utskillelse av de ‘ufordøielige’, vanskelig assimilerbare østjødiske elementer».
Arvid Brodersen skreiv dette i trondheimsavisa Dagsposten. Etter folkerekninga i 1930 budde det 200 jødar i Trondheim, dei fleste var innvandra austjødar. Korleis trur dei tre historikarane det var å bli omtala som «ufordøyelig», «vanskelig assimilerbar» og som eit element som burde «utskilles»? Kanskje nokon med same bakgrunn den dag i dag kunne kjenne seg krenkte av å bli omtala i slike vendingar og samstundes få høyra frå historievitskapleg hald at dette ikkje er antisemittisme, men ei «organisk filosemittisk haldning».
Korleis tenkjer dei tre forfattarane at denne sjølvkritikken skal formidlast til lesarane av boka deira? Å vedgå noko i ein samtale med Jan H. Landro i Dag og Tid er ikkje det same som å innrømme noko i ein katolsk skriftestol. Skal dei leggja erratasetlar inn i boka? Dei vil vel ikkje spreie falsk forståing om kva antisemittisme er?
Dei tre historikarane hevdar framleis at Arvid Brodersen ikkje var nazist i 1933. Hadde dei lese dei ni artiklane Arvid Brodersen skreiv i Dagsposten i april/mai 1933 om den nasjonalsosialistiske revolusjonen i Tyskland, kunne dei vanskeleg ha unngått å leggje merke til kor begeistra sosiologen var for den nasjonalsosialistiske maktovertakinga. Eg vil råde alle til å lese kapitla «En lovtale om revolusjon» og «Sjelen i renselsens pinsevær er Hitler» i Hva vet historikerne? og døme sjølve om kva som er den rette karakteristikken av Arvid Brodersens bodskap anno 1933.