Sjølvforsyning i teori og praksis

Sauer og 17. mai-tog på Utsira.
Sauer og 17. mai-tog på Utsira.
Publisert

Siri Helle kommenterte 29. september rapporten «Produksjonspotensial i jordbruket og nasjonal sjølforsyning med mat», som eg har vore med og skrive på oppdrag for Klimautvalet 2050. Det er kjekt å sjå at nokon har lese fleire av kapitla og vurdert nytta i dei scenarioa som vi utvikla for utvalet. Grovt sagt gjeld dei kor sjølvforsynte vi kan bli i Noreg dersom vesentleg meir av det vi et, kjem direkte frå planteriket.

Helle synest ikkje scenarioa er nyttige. Ei innvending er at dei blir for teoretiske og ikkje leier til løysingar som kan gjennomførast i praksis. Eg får også inntrykk av at ho meiner dei berre illustrerer samanhengar vi kjenner godt frå før. Begge delar kan vere rett, særleg for dei som kjenner norsk jordbruk og matproduksjon godt, Helle inkludert.

Like fullt bestilte Klimautvalet ei utgreiing som NIBIO og Ruralis tok på seg å gjere. Vi aksepterte jobben med dei premissane som vart lagde, men i rapporten lista vi opp mykje anna som måtte med i vurderinga dersom ein skulle drøfte om tankeeksperimenta var moglege å realisere. Eg nemner her om folk faktisk ville ete dei norskdyrka planteprodukta, om næringsverdien var god nok, om rasjonell drift var mogleg på alle små og store jordstykke i maksimalanslaget for brukande areal, og om vi kunne bruke plantevernmiddel og gjødsle hardt nok til å få stabilt høge avlingar i einsidige vekstfølgjer med husdyrlaus drift.

Det er også viktig å merke seg at maksimalanslaget for kor mykje feitt, protein og energi vi kunne hente frå planteriket, la til grunn kronårsavlingar på alt arealet same året. Erfaringar og avlingsstatistikk viser at dette er teori og ikkje praksis, om nokon skulle vere i tvil om det.

Det blir derfor feil på mine vegner når Helle slår fast at «Forskarar meiner vi kan verte sjølvberga i Noreg – om vi kuttar kjøt, egg og meieriprodukt». Vi har ikkje konkludert slik i rapporten, og klimautvalet bestilte ikkje ei brei drøfting av korleis vi kunne bruke den dryge halvparten av dyrkajorda som berre kan brukast til grovfôrproduksjon og utnyttast av drøvtyggarar.

Det var likevel ikkje slik at utvalet definerte ku, sau og geit ut av matproduksjonen i lågutsleppssamfunnet sidan dei bad oss vurdere korleis ein kunne utnytte beiteressursane utanfor dyrka mark best mogleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement