Siste ord er ikkje sagt
– Viss alle steinane hadde vore snudd i Nav-skandalen, ville vi i det minste ha forstått kva som har føregått, skriv jusprofessorane Ingunn Ikdahl og Cristoffer Conrad Eriksen i Klassekampen .
Ørn E. Borgen
– Viss alle steinane hadde vore snudd i Nav-skandalen, ville vi i det minste ha forstått kva som har føregått, skriv jusprofessorane Ingunn Ikdahl og Cristoffer Conrad Eriksen i Klassekampen .
Ørn E. Borgen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Trygdeskandalen
Har vi snudd alle steinar i Nav-skandalen? Jusprofessor Eirik Holmøyvik lét dette spørsmålet bli hengande i lufta i ein kommentar om den nederlandske og norske trygdeskandalen i Dag og Tid 5. november.
Eg vart dømd til 40 dagars fengsel i februar 2019. Seinare same år sprakk Nav-skandalen. Det skulle gå to år før eg blei frikjend. I ein kronikk i Klassekampen laurdag 6. november skriv jusprofessorane Ingunn Ikdahl og Cristoffer Conrad Eriksen om offera: «Ofrene for statens egen urett må forsøke å slå seg til ro med at sentrale spørsmål blir ubesvart. Deres rett til sannhet ser ut til å være et moment som hittil har gjort lite inntrykk på statens organer.» Viss alle steinane hadde vore snudd i Nav-skandalen, ville vi i det minste ha forstått kva som har føregått.
Éin bestemt rapport kan kanskje gje oss viktige svar på det. I 2014 blei den interdepartementale rapporten «Eksport av trygdeytelser» laga. Utgreiinga blei først kjend offentleg i rapporten til regjeringas granskingsutval, «Blindsonen», i august 2020. Her blir det sitert frå rapporten frå 2014, kor det står at «EØS-avtalen gir adgang til å oppholde seg i andre EØS-land forutsatt at kravene til aktivitet og kontakt med etaten er oppfylt». Vidare heiter det i «Blindsonen» at 2014-utgreiinga inneheld kapittel som gjeld sjuke-, pleie- og arbeidsavklaringspengar, og at i «samtlige kapitler understrekes det at krav om faktisk opphold i Norge ikke kan gjøres gjeldende i EØS, og at den eneste måten å begrense utbetalingene derfor er å skjerpe inn bruken av aktivitetskrav».
Visste regjeringa allereie i 2014 at det var offer for justismord som blei kasta i fengsel? Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité bad om innsyn i 2014-rapporten for eit år sidan. Arbeids- og sosialdepartementet avslo.
Kor har det blitt av dei heroiske løfta frå tidlegare arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie? I si orientering til Stortinget få dagar etter at skandalen sprakk, sa ho at: «Alt skal frem i lyset. Alle steiner skal snus. Urett skal rettes opp.» I opposisjon kravde Ap innsyn i den hemmeligstempla rapporten.
Til Klassekampen nyleg sa arbeidsminister Hadia Tajik at rapporten ikkje er interessant. Statsråden sa at ho sjølv verken har gjeve eller kan gje andre innsyn i rapporten, fordi det er eit internt regjeringsdokument frå føregåande regjering. Jusprofessor Eriksen meiner at dette fint kan gjerast. «I praksis har skiftende regjeringer utlevert interne dokumenter til Stortinget når det har vært behov. Ingen regjering har nektet å utlevere interne dokumenter etter plenumsvedtak i Stortinget», seier han.
Siste ord er ikkje sagt i denne saka, så mykje er sikkert.
Heidi Schjetne er nyleg frikjend straffedømd for trygdesvindel og sekretær for Nav-oppryddinga.