Seinfølgjer etter covid-19
Vi skal ta seinfølgjer etter covid-19 alvorleg, men vi må samstundes vurdere forskingsresultata kritisk.
Immunitet etter infeksjon, vaksinasjon eller begge gir godt og varig vern mot alvorleg covid-19 og seinfølgjer.
Foto: David Goldman / AP / NTB
Les også
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Les også
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Les også
I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i i Oslo. I dag får berre folk i risikogruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
For ein mildare pandemi
Les også
Foto: UiB
Trur fleire vaksinar vil løne seg
Les også
Dagens norske politikk impliserer en befolkning med stadig dårligere helse og kognitiv yteevne, uten å ta i bruk den fulle beskyttende effekt vi kan få fra vaksinene, skriv Gunhild Alvik Nyborg i debattinnlegget.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Store og økende belastninger
Les også
Fagdirektør Preben Aavitsland er skeptisk til studiane som tyder på at covid-infeksjon aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom mykje.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Med smitte skal landet vernast
Les også
Illustrasjon: Shutterstock / NTB
På hjartet laus

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Helse
Gunhild Alvik Nyborg (Dag og Tid 15. mars) meiner at hennar nøye utvalde samling av avisoppslag og vitskaplege artiklar underbyggjer at covid-19 fører til at vi døyr av hjartesjukdom lenge etter smitte, at heile kroppen vert skada, at immunforsvaret vårt vert svekt, at vi blir sårbare for andre infeksjonar, at ein tredel av oss får varige symptom, at intelligensen vår blir svekt, og at vi mistar minnet.
Heldigvis er det ikkje sånn. Nyborg har valt å spekulere med utgangspunkt i uferdige analysar når ho påstår at det no døyr fleire unge av hjartesjukdom i Noreg enn det ein kunne vente, om lag slik ho tidlegare meinte at auken i dødsulukker i trafikken kom av seinfølgjer av covid-19. Vidare les ho forskinga ukritisk; her er det plass til berre tre døme:
Nyborg hevdar at covid-19 svekker immunforsvaret sånn at pasientane har auka risiko for å få covid-19 igjen og jamvel auka risiko for andre infeksjonar. Det er ikkje berre ulogisk, det er òg naturlegvis feil. Vårt danske systerinstitutt fylgde opp alle over 50 år i 2021 eller 2022. Dei fann at folk ikkje var meir utsette for sjukehusinnleggingar for infeksjonssjukdom i perioden meir enn 28 dagar etter covid-19, enn i andre periodar.
Preben Aavitsland, FHI
Foto: FHI
«Det tener korkje vitskapen eller pasientane at dårleg eller feiltolka forsking set premissane.»
Absurd om IQ
Nyborg hevdar at covid-19 svekker IQ, og syner til ein engelsk studie der rundt 14 prosent av dei inviterte fortalde i et nettskjema om symptom som dei sjølve meinte hadde samanheng med tidlegare covid-19, og deretter fullførte ein slags IQ-test. Folk med positiv test tidlegare vart så samanlikna med dei som ikkje hadde hatt ein positiv test. Dei som hadde hatt positiv test i 2022 eller seinare (altså med omikronvarianten), men utan symptom, hadde om lag 2 poeng høgare IQ enn dei som ikkje hadde nokon positiv test. At infeksjonen skulle føre til høgare IQ, er absurd. Funnet er ein sterk indikasjon på at studien har alvorlege skeivskapar.
Nyborg hevdar at covid-19 gir risiko for å døy også etter den akutte fasen av covid-19, og syner til ein kinesisk studie av britiske pasientar. Her blir pasientar smitta i 2020 samanlikna med andre som ikkje hadde positiv test. Forskarane finn fem gonger høgare risiko for å døy, uansett årsak, og 1,4 gonger høgare risiko for å døy av hjartesjukdom fleire månader etter covid-19. Problemet med denne og liknande studiar er at dei som var sjukare frå før, sannsynlegvis hadde større sjanse for å verte testa for covid-19 i ei tid då testing ikkje var så utbreidd. Studien syner difor berre at dei sjukaste blant oss har større sjanse for å få stadfesta infeksjonen og generelt større risiko for å døy.
Varig vern
Sjølvsagt skal vi ta seinfølgjer etter covid-19 alvorleg, men vi må samstundes framleis vurdere forskingsresultata kritisk, særleg når dei står i motsetnad til gjengs kunnskap. Det tener korkje vitskapen eller pasientane at dårleg eller feiltolka forsking set premissane.
Immunitet etter infeksjon, vaksinasjon eller begge gir godt og varig vern mot alvorleg covid-19 og seinfølgjer, og dette vernet er lite påverka av endringar i viruset. Studiar frå tida før folk hadde immunitet, er lite relevante no. Covid-19 er ein mindre alvorleg sjukdom no enn for fire år sidan.
Det veit òg WHO. Organisasjonen sende difor i august 2023, med heimel i Det internasjonale helsereglementet, alle helseministrane ei rad formelle ståande tilrådingar om korleis covid-19-stoda skulle handsamast vidare. Tilrådinga bygde på ei utgreiing frå ein internasjonal ekspertkomité (som eg leia). Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet vurderte kvar for seg at regjeringa sin strategi allereie oppfylte tilrådingane.
Preben Aavitsland er fagdirektør ved Folkehelseinstituttet.
Her finn du alle saker og debattinnlegg om covid-19.
Les også
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Les også
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Les også
I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i i Oslo. I dag får berre folk i risikogruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
For ein mildare pandemi
Les også
Foto: UiB
Trur fleire vaksinar vil løne seg
Les også
Dagens norske politikk impliserer en befolkning med stadig dårligere helse og kognitiv yteevne, uten å ta i bruk den fulle beskyttende effekt vi kan få fra vaksinene, skriv Gunhild Alvik Nyborg i debattinnlegget.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Store og økende belastninger
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.