Sceneteppe

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg tillet meg å legga til nokre ord til Eva Furseths artikkel om «Sceneteppet som vart berga» i Dag og Tid 8. oktober.

Det hadde seg slik at eg for fleire tiår attende disputerte om nettopp måla sceneteppe; avhandlinga heiter Mellom scene og sal. Det malte sceneteppets ikonografi. Også eg nærast snubla over eit teppe, samanrulla og gøymt vekk på loftet i eit ungdomshus i Hardanger. Storleiken og den kunstnarlege kvaliteten greip meg med ein gong, og eg tenkte at her var noko eg måtte sjå nærare på. Det vart klårt for meg at objektet var relatert til teater, men ikkje sjølve framsyninga, men var faktisk det objektet som skil sal frå scene.

Funnet førte til ei opplevingsrik ferd gjennom Hardanger, med reisestønad frå Universitetet i Bergen og utlån av Universitetets fotograf. Eg bestemte meg for å avgrensa undersøkinga til Hardanger, tidspunktet til 1900–1940, og berre konsentrera meg om dei teppa som var måla. Mest alle ungdomshus hadde scene med tilhøyrande sceneteppe, mange svært forseggjorde, til dømes vovne av kvinnene i laget. Men dei måtte eg sjå bort frå.

I alt fann eg åtte teppe, måla mellom 1901 og 1937, berre eitt var i bruk då eg starta på turen min, og dei aller fleste var meir eller mindre gløymde eller bortgøymde. Rudolf Krog, som har måla i Tafjord, var ansvarleg for tre av dei: Krossvoll i Lofthus, Ungdomshallen i Norheimsund, Solheim på Bjørgum (tilhøyrde Hardanger Ungdomslag), alle måla kring 1920/21. Malen er den same: prospekt av bygda og innramming av draperi.

Det eldste eg fann og som framleis var i bruk, var teppet i Hallen (Utne), måla av Lars Kinsarvik i 1901. Motivet hans er sjølve scena, men før teppet er gått opp. Vi ser skodespelarane som ventar spente, og ei lita jente kikkar gjennom ein sprekk i teppet ut i salen (som vi ikkje ser). Her har Kinsarvik vist det lokale med gjenkjennelege personar som var med i oppsetninga. Innramminga er måla som ein mellomalderportal i treskurd.

Dei neste teppa, etter Krogs innsats på 1920-talet, kom på 30-talet. Det kan ha vore fleire, men ettersom mange av husa var okkuperte under krigen, kan dei ha vorte øydelagde. Johan Tenol-Tuxen måla i Granvin (Trudvang) og i Jondal (Jonsvoll) i åra 1930–33. Her er malen den same som Rudolf Krog har nytta. I Ulvik (Elvatun) komponerte kunstnaren Lars Osa eit folkelivsbilete med dans og spelemann og med den ruvande Vassfjøro i bakgrunnen (1934). Som innramming har Osa valt eit rosemåla bord.

Det aller siste er frå Eidfjord, måla av Kari Vivelid (1937). Ho bryt med den meir eller mindre vande lesten og lagar eit eventyrbilete. Landskapet er eit fantasilandskap, men tydeleg inspirert av norsk natur, då særleg Hardangervidda, der ho sjølv budde. Det er vinterkaldt; rimfrosne tre og ulike dyr, både elg og ulv, kantar motivet. Midt i biletet har ho plassert ein liten tusse som spelar på fela si. Framfor han og bak han dreg ulike dyr sledar fylte med nissar på veg mot eit skinande Soria Moria slott i bakgrunnen. Biletet heiter da også «Trollgilde».

Fleire av teppa vart restaurerte då eg var ferdig med oppgåva mi, men det er ein dyr affære. Eit spørsmål som ofte kom opp då eg arbeidde med prosjektet, var om det var rett å ta teppet i bruk, eller om det beste ville vera å verna det ved å gi det ein eigen utstillingsplass, og slik at alle kan få sjå det. Men utan tvil er desse teppa ein kulturskatt som ikkje må gløymast.